Spaar comeback for hydrofoil
OPP AV VATNET: Medan hydrofoilbåtar har vore fråverande i norsk rutetrafikk i over 30 år er denne og søsterfartyet som Fjellstrand leverte midt på 90-talet framleis i full drift i Hong Kong.
Nytt

Spår comeback for hydrofoil

Fire av fem framlegg til korleis hurtigbåtar kan gå utsleppsfritt mellom Kristiansund og Trondheim baser seg på hydrofoil-teknologi. 

05.12.2019
Hydrofoil-båtar vil få ein renessanse i norske farvatn spår Ottar J. Aare i Hurtigbåtforbundet HRF.
Ein hydrofoil er ein venge som er festa under båten og løftar den opp av sjøen når båten kjem i fart. Det reduserer motstanden og dermed energibruken, slik at rekkevidda for kvar påfylling av energi blir utvida. Det er viktig både for hydrogen- og batteridrivne båtar.
Den siste hydrofoilbåten i Noreg gjekk ut av trafikk i 1987, etter å ha trafikkert fjordane i Ryfylke, . Då var og etterpå er det katamaranane som har dominert på norskekysten.
Aare trur overgang til utsleppsfrie hurtigbåtar opnar for vekst i persontransporten til sjøs.
- Den dagen vi finn gode løysingar på de utsleppsproblemet med fossilt drivstoff, så er hurtigbåtar verdas reinaste transportmiddel, seier Aare.

Ny teknologi

Salssjef Edmund Tolo i Fjellstrand seier prisen på båtane kan ha vore ein av grunnane til at hydrofoilbåtane forsvann ut av den norske marknaden.
Tidlegare blei foilane bygd i stål, og det gjorde båtane både tunge og dyre.
Komposittmateriale, eller anna lettare materiale i foilane vil gjera dei meir eigna.
Fjellstrand er ein av deltakarane i konkurransen om ei utsleppsfri hurtigbåtløysing Kristansund-Trondheim og har erfaring med bygging av foilbåtar frå så seint som midt på 90-talet. To avanserte foilbåtar - Foilcat - frå Fjellstrand går framleis i rutetrafikk i Hong Kong.
Dei har justerbare foilar som gir langt mindre humpete seglas enn dei faste hydrofoilane som dominerte i Noreg. Dagens hydrofoilteknologi er betre og gir ytterlegare roleg gange sjølv om bølgjene er krappe og store.

Fem konkurrentar

Det er Trøndelag fylkeskommune som har bedt om framlegg til korleis Kristiansund-Trongheim kan bli ei utsleppsfri hurtigbåtrute, og utfordre verft og reiarlag til å kome med banebrytande framlegg.
Bak alle framlegga står det konsortium av ulike samarbeidspartnarar.
Brødrene Aa er med i to slike konsortium, både med ein eigenutvikla katamaranmodell i samarbeid med Westcon Power & Automation og Boreal Sjø og med ein hydrofoilbåt i samarbeid med selskapet Flying Foil Westcon Power & Automation og NTNU.
Modelltankselskapet Stad Towing Tank i Måløy er partnar i eitt av framlegga saman med blant andre Fosen Namsos Sjø og Transportutvikling.
Hyon, der Ålesundselskapet Hexagon Composites eig ein tredjepart, er partnar i eit konsortium saman med Norled og båtprodusenten Selfa.
Hyon er eit samarbeidsselskapa mellom tre selskap i hydrogenbransjen, oppretta for å ta i bruk hydrogen som energikjelde i transportsektoren.

Den dagen vi finn gode løysingar på de utsleppsproblemet med fossilt drivstoff, så er hurtigbåtar verdas reinaste transportmiddel

Publisert: 05.12.2019 09:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46