Solstad samlar alt i A Alesund
FOSNAVÅG: Solstad legg ned kontoret i Fosnavåg.
Nytt

Solstad samlar alt i Ålesund

Legg ned Fosnavåg-kontoret. Lars Peder Solstad rosar dei tilsette.

04.04.2019
Solstad Offshore legg ned kontoret offshoreselskapet har i Fosnavåg.
Det stadfestar adm. dir. Lars Peder Solstad til NETT NO.
- Vi har bestemt oss for å samle dei to avdelingane på Sunnmøre under eitt felles kontor i Ålesund, seier Solstad.
Solstad Offshore overtok Fosnavåg-kontoret i oktober 2016 i samband med overtakinga av Rem Offshore.
- Her har vi leigeavtale ut året, seier Lars Peder Solstad.
- I Ålesund har vi derimot ein langsiktig leigeavtale.
Solstad held i Ålesund til i dei tidlegare Farstad-lokala.

Vil byggje sterkt kompetansemiljø

Totalt er det samla 25 tilsette ved dei to avdelingane.
- Alle i Fosnavåg får tilbod om å vere med over til Ålesund, seier Solstad.
Han rosar dei tilsette.
- Dei tilsette på Fosnavåg-kontoret har gjort ein svært god jobb. Det same i Ålesund.
- Ved å samle alt i Ålesund satsar vi på å byggje opp eit sterkt kompetansemiljø for vidare satsing.

Slutt i fjerde kvartal

Plassjef Arild Skram ved Fosnavåg-kontoret seier han ikkjke kan uttale seg om saka, og viser i staden til viseadministrerande direktør Sven Stakkestad i Solstad Offshore, som har møtt dei tilsette.
Stakkestad seier til NETT NO at han ikkje ønsker å seie noko om kor beskjeden vart tatt imot.
- Nei, men frå vår side er vi opptatt av å gjere dette på ein god og ryddig måte.
Stakkestad seier at dei tilsette i Fosnavåg får god tid til å omrøme seg.
- Vi har leigeavtale ut året i Fosnavåg, og vi kjem ikkje til å flytte ut før i fjerde kvartal.
- Truleg vil det skje i oktober eller november.
Alle i Fosnavåg får tilbod om å vere med over til Ålesund

Publisert: 04.04.2019 11:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33