Solstad ber om ja til redningsplan
BLIR MED: Nesten ein tredjepart av gjelda på 33 milliardar kroner i Solstad Offshore blir gjort om til aksjar, men Solstad-sjef Lars Peder Solstad skal bli med vidare på eigarsida.
Nytt

Solstad ber om ja til redningsplan

Aksjonærarane i Solstad Offshore skal stemme over ein plan der låntakarane tek over aksjemajoriteten.

03.10.2020
Avtalen betyr at Solstad-familien, Kjell Inge Røkke-dominerte Aker Capital og John Fredriksens Hemen Holding Limited får blir med vidare.
Refinansieringsplanen blei presentert i mai i år. Då var forhandlingane med långivarane ikkje heilt i mål, og alle detaljane i avtalen som skal gjere at Solstad Offshore unngår konkurs var ikkje klare.

No kallar Solstad Offshore inn til ekstraordinær generalforsamling 20. oktober for å få godkjent avtalen.

9,7 milliardar

9,7 milliardar kroner blir om fra gjeld til egenkapital. Deretter går Solstadfamilien, Aker Capital, Hemen Holding Limited og styreleiar Harald Espedal inn med 72,5 millionar kroner i ny eigenkapital - og blir med det eigar av tilsaman inntil 33,34 prosent av aksjane.
Øvrige eigarar kan sitte igjen med maksimalt to prosent av selskapet - dersom dei blir med på ein reparasjonsemisjon. Om ingen av dei andre eigarane vil skyte inn pengar vil dei eige 0,22 prosent av selskapet.
Solstad Offshore-konsernet hadde 33 milliardar kroner i gjeld ved inngangen til 2020.

Eigenkapitalen tapt

Solstad Offshore blei det største offshorreiarlaget i Noreg etter offshorekrisa som starta med oljeprisfallet i 2014. Selskapet er resultatet av ei samanslåing der både Farstad Shipping og Rem Offshore og Deep Sea Offshore blei slukt.
Men samanslåing fjerna ikkje det største problemet for selskapet, ei gjeld som selskapet ikkje kunne handtere.
Som ein del av refinansieringsplanen som blei presentert i vår skal 37 eldre Solstad-skip enten seljast eller hoggast opp, slik at selskapet skal sitte att med ein flåte på omlag 90 skip.

Publisert: 03.10.2020 07:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03