Solstad ber om betalingspause i eitt aar
OFFSHORE: Adm. dir Lars Peder Solstad og Solstad Offshore treng hjelp frå obligasjonseigarane for å få på plass ein restruktureringsavtale for selskapet.
Nytt

Solstad ber om betalingspause i eitt år

For å kome over den økonomiske kneika, ber Solstad om at obligasjonseigarane utset alle krav til 20. desember 2019.

05.12.2018
Offshoregiganten Solstad Offshore har problem med å handtere gjelda og har hatt forhandlingar med långivarar og andre sentrale aktørar for å forbetre den finansielle situasjonen for selskapet.
Selskapet er nær ein avtale med dei sikra långivarane om å utsetje betaling av renter og avdrag, men ein treng samstundes ein avtale med obligasjonsigarane der hovedpunktet går ut på at alle krav mot selskapet vert frosne i eitt år til 20. desember 2019.
Dette opplyser Solstad i onsdag.

Gjeld ikkje Rem Offshore

Det vert kalla inn til obligasjonseigarmøte 19. desember.
Opplegget gjeld ikkje for dotterselskapa Solship 1 Invest, som er tidlegare Rem Offshore og Solship 3 Invest, som er Deep Sea Supply.
For desse selskapa vert gjelda handtert som avtalt, vert det opplyst.
Solstad Offshore er norges største offshorereiarlag med rundt 140 skip og 4.000 tilsette.

27,5 milliardar i gjeld

Selskapet er eit resultat av samanslåinga mellom Solstad, Farstad Shipping, Deep See Supply og Rem Maritime, og med Kjell Inge Røkke og John Fredriksen tungt inne på eigarsida.
Solstad Offshore hadde ved utgangen av andre kvartal ei netto renteberande gjeld på 27,5 milliardar kroner, og ein bokført eigenkapital på 3,8 milliardar kroner.
Ved framlegging av halvårsrapporetn opplyste selskapet at ein såg på alternative finansielle strategiar, som sal av skip, inngåing av joint venture eller vidare konsolidering i industrien.

Publisert: 05.12.2018 11:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28