Solstad ber kreditorane om hjelp
OFFSHORE: Adm. dir, Lars Peder Solstad må til med ny refinansieringsrunde.
Nytt

Solstad ber kreditorane om hjelp

Offshoregiganten Solstad må til med ny refinansieringsrunde. Aksjen stuper.

22.10.2018
Offshoregiganten Solstad Offshore at selskapet vil starte forhandlingar med långivarar og andre sentrale aktørar for å forbetre den finansielle situasjonen for selskapet.
Dette skjer sjølv om selskapet ser teikn til betra marknadsforhold og at ein heller ikkje er i brot med lånevilkåra per tredje kvartal.
Men selskapet skriv i børsmeldinga at vintersesongen er forventa å gi finansielle utfordringar for selskapet.
Difor startar ein no nye forhandlingar med långivarar og andre sentrale aktørar for å styrke likviditeten, og for å få på plass ei solid langsiktig plattform for selskapet.

140 skip

Solstad opplyser at desse forhandlingane ikkje vil ha konsekvensar for operasjonane, kundane, dei tilsette eller underleverandørane.
Solstad Offshore er norges største offshorereiarlag med rundt 140 skip og 4.000 tilsette.
Selskapet er eit resultat av samanslåinga mellom Solstad, Farstad Shipping, Deep See Supply og Rem Maritime, og med Kjell Inge Røkke og John Fredriksen tungt inne på eigarsida.

Børstapar

Solstad Offshore hadde ved utgangen av andre kvartal ei netto renteberande gjeld på 27,5 milliardar kroner, og ein bokført eigenkapital på 3,8 milliardar kroner.
Ved framlegging av halvårsrapporetn opplyste selskapet at ein såg på alternative finansielle strategiar, som sal av skip, inngåing av joint venture eller vidare konsolidering i industrien.
Selskapet er av dei store taparane på Oslo Børs måndag etter at ein sist veke fekk ein fin oppgang etter at dei to meklarhusa Fearnley Securities og Kepler Cheuvreux gjekk langt i å friskmelde offshoremarknaden.
Klokka 09:40 er selskapet ned 25 prosent til 3,90 kroner aksjen.

Publisert: 22.10.2018 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27