Solide pengar i laksefrakt
LAKS: Ro Server i arbeid, Rostein sin siste tilvekst i flåten av brønnbåtar.
Nytt

Solide pengar i laksefrakt

Rostein-reiarlaget med rekord-resultat i fjor. Det ser også lyst ut i år.

24.08.2016
Det Harøy-baserte brønnbåtselskapet oppnådde eit resultat før skatt på heile 182 millionar kroner i fjor. Det er 76,5 millionar kroner betre enn året før.
Også salsinntektene steig kraftig.
- Vi er svært godt fornøgd med 2015, sjølv om vi selde ein båt som markant påverka både omsetning og resultat i posistiv lei, seier visekonsernsjef Glen Bradley.
Salsgevinsten var på 48 millionar kroner, men sjølv utan denne gevinsten vart det eit rekordår for selskapet i fjor. Dette skuldast ikkje minst at året var prega av høg kapasitetsutnytting av flåten. I tillegg fekk ein god effekt av at både oljepris og renter var rekordlave.

To nybygg på Larsnes

Rostein har totalt elleve brønnbåtar etter at ein fekk levert Ro Server frå Larsnes Mek. Verksted i mai. Verftet har to nye brønnbåtar under bygging for Rostein, der den første av desse skal leverast i oktober/november i år, og den siste i april neste år.
Rostein er hovudaksjonær i Sande-verftet og betalte i fjor inn 304 millionar kroner for nybygging av skip. Like fullt har selskapet ei samla lånegjeld som berre så vidt overstig ein milliard kroner.

Gode utsikter

Styret skriv i årsrapporten at utsiktene framover er gode, spesielt ettersom selskapet har ei stabil oppdragsmengde.
Men på litt sikt forventar ein litt tøffare tider ettersom det kjem mange nybygg ut i marknaden.
I tillegg har Marine Harvest starta sitt eige brønnbåtselskap saman med John Fredriksen-kontrollerte Deep Sea Supply, utan at Rostein legg vekt på dette i sin rapport.

Utbyte

Rostein hadde ved siste årsskifte 137 tilsette.
Selskapet er 100 prosent eigd av Odd Einar Sandøy-selskapet Rofisk, som tar ut eit utbyte på 12,5 millionar kroner for i fjor.

Publisert: 24.08.2016 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59