Snur argumentet til statsraaden paa hovudet
VIL HA ÅLESUND-KONTOR: Stortingsrepresentant Marianne Synnes Emblemsvåg (t.h.) er mellom dei som møter næringsminister Iselin Nybø om GIEK-saka torsdag.
Nytt

Snur argumentet til statsråden på hovudet

Det er mange argument for at det nettopp no er tida for å tenke alternativt om GIEK-lokalisering, vart det påpeika i lokalt innspelsmøte. 

Marius Rosbach
14.01.2021
Torsdag var det invitert til eit ope digitalt innspelsmøte for å få på bordet argument for kvifor eit samanslått GIEK (Garantiinstituttet for Eksportkreditt) og Eksportkreditt Norge bør flyttast til Ålesund.
Medan næringsminister Iselin Nybø har gitt uttrykk for at dett å snakke om relokalisering ut av Oslo, meinte fleire av deltakarane at det stikk motsette.
Stortingsrepresentant Marianne Synnes Emblemsvåg (H) var mellom dei, og sa det var ei «gyllen anledning» til å tenke lokalisering av eit kontor til Ålesund.

Møter næringsministeren i ettermiddag

Synnes er likevel skeptisk til om det var mogleg å få gjennomslag for å få hovudkontoret med nær 150 tilsette til Ålesund.
– Vi er pragmatiske og ser det som nokså krevjande å få gehør for å flytte hovudkontoret i eit valår, for å seie det rett ut. Det nest beste vil vere å øve trykk for å få lokalkontor, la ho til.
Stortingspolitikaren frå Ålesund er mellom dei som i ettermiddag skal i eit møte med næringsministeren om saka, der fleire andre politikarar også deltek.

Vil kjempe for hovudkontor

På innspelsmøtet var dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest klar på at tidspunktet var rett for ein diskusjon om kvar «nye» GIEK bør etablerast.
– Det er vel så mange argument for at det er tida no, sa han.
Ingjerd var like klar på at eit lokalkontor, ikkje var ønskeleg.
– Å lansere lokalkontor i Ålesund som eit alternativ, bør vi legge bort. Vi hadde eit møte med 24 leiarar frå næringslivet i går. Der var bodskapen unison om at dei ikkje ønska eit GIEK som er organisert som Innovasjon Norge, med mindre regionale kontor rundt om, sa han.

«Dyrt, ineffektivt og urealistisk»

På leiarplass torsdag støttar forslaget til Frp om å og eit lokalkontor til Bergen.
Avisa tok også tak i argumentet som har lagt på bordet om tidspunktet – samtidig som dei har opna for ei anna lokalisering på sikt.
– Når GIEK og Eksportkreditt først skal flytte og slå seg saman, høyrest det både dyrt, ineffektivt og urealistisk ut å flytte arbeidsplassane to gongar, påpeiker avisa og ber regjeringa bør løfte blikket og vurdere kva for positive ringverknader ei ny lokalisering kan få.

Meir om saka:



Espen Sundgot:



Synspunkt

:

Orten om GIEK-lokalisering:




Vi er pragmatiske og ser det som nokså krevjande å få gehør for å flytte hovudkontoret i eit valår, for å seie det rett ut

Publisert: 14.01.2021 17:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11