Snuoperasjon for simulatorsenter
NYE KUNDAR: Fleirtalet av kundane til Joel Mills i Offshore Simultaor Centre kjem i dag frå andre stadar enn Sunnmøre.
Nytt

Snuoperasjon for simulatorsenter

For tre år sidan kom rundt 80 prosent av kundane til Offshore Simulator Centre frå Sunnmøre. No kjem over 60 prosent frå andre stadar.

18.07.2018
Etter oljeprisfallet i 2014 har Offshore Simulator Centre i Ålesund gjennomgått ei stor omlegging.
Då var storparten av aktiviteten knytt til trening av mannskap på offshoreskip. I dag utgjer engineeringarbeid og prototypeutvikling rundt 80 prosent av aktiviteten.
I løpet av to-tre år har også kundebasen endre seg mykje i følgje administrerande direktør Joel Mills. Frå å hente rundt 80 prosent av kundane på Sunnmøre har over 60 prosent av kundane i dag adresse andre stadar i Noreg eller i utlandet, i følgje Mills.

30 tilsette

Offshore Simulator Centre har rundt 30 tilsette og er ikkje heilt i mål med bemanningsauken Mills varsla i fjor haust.

OSC har brukt to år på å utvikle den nye plattformen som alle programma bli laga på. Den investeringa gjer det råd å dra i land fleire oppdrag.
Medan det før typisk tok seks månedar å utvikle eit simulatorprogram for ei bedrift, tek det no berre seks veker. Når OSC tek betaling for timar som går med betyr det at det er blitt mykje billegare å bruke simulator, noko som gjer at simulator kan brukast til mange fleire og mindre oppgaver enn før.

Ny eigar

Offshore Simulator Centre har Rolls-Royce Marine som ein av fire eigarar, alle med 25 prosent eigarandel.
Det betyr at Kongberg Gruppen kjem inn som aksjonær, så sant oppkjøpet av marinedivisjonen av Rolls-Royce blir godkjent av styresmaktene.
Dei tre andre eigarane er SolstadFarstad, NTNU og Sintef Ocean.
Offshore Simulator Centre hadde ein stor vekst i driftsinntektene i fjor (sjå tabell).
Endringa gir ikkje eit presist bilete av aktivitetsnivået, fordi mykje av auken i fjor skuldast vidaresal av maskinvare til Åkp Innovation Arena og NTNU. Driftsinntekten kan endre seg mykje avhengig av om selskapet leverer maskinvare eller ei, i følgje Mills.

Publisert: 18.07.2018 15:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24