Snart mindre risiko for aa misse flyet
BA OM UTGREIING: Samferdsleminister Jon Georg Dale vil ha ein rapport frå Håvard Austvik og vegvesenet om kva dei kan gjere med auka trafikk på fylkesveg 658. 
Nytt

Snart mindre risiko for å misse flyet

Sluttspurt for tunnelarbeid - statsråden vil vurdere bru over fjorden.

Marius Rosbach
21.02.2019
I slutten av mars reknar Statens vegvesen med at arbeidet med å er ferdig. Då vil truleg trafikantane plagast mindre med stengte tunnelar på fylkesveg 658 til Vigra-flyplassen.
– Då vil vi ha moglegheit til å ha feltregulering og informasjon på elektroniske skilt. Målet er at vi kan la trafikken køyre og berre stenge eitt felt om det oppstår problem, fortel prosjektleiar Håvard Austvik til NETT NO.
Når tunnelutbetringa er ferdig vil det vere kamerovervakning der hendingar vert registrert. Det vil også vere fleksibel skilting for å kunne variere fartsgrensa, i tillegg til at det vert fartsmåling.

Ofte stengte tunnelar

– Næringslivet har gjerne tre behov med denne vegen, transport av varer og tilsette – og i tillegg kjem dette med Vigra lufthamn inn, som gjer strekninga spesiell, seier Austvik.
Til no har gjerne både Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen vorte stengt om eit køyretøy har stansa nede i tunnelane, og politiet eller entreprenør har vore nøyd til å rykke ut til staden for å undersøke kva som har skjedd.
Konsekvensane har mellom anna vore at mange har opplevd å misse fly.

Dale vil vurdere bru og nye tunnelløp

Torsdag var samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) på plass ved tunnelopninga på Kverve for å sjå på kva som kan gjerast vidare med trafikken på staden. Han bad om ei for å sjå på moglegheitene for å takle trafikken i framtida på strekninga.
– Vi fekk beskjed om starte arbeidet med ein KVU for strekninga Ålesund-Vigra, fortel prosjektleiaren.
Bakgrunnen er stadig meir trafikk på strekninga og mellom alternativa vegvesenet skal vurdere er nye tryggleikstiltak i tunnelane, nye tunnelløp eller bru på ein eller begge fjordkryssingane. Målet er at utgreiinga er ferdig i løpet av 2020.
Målet er at vi kan la trafikken køyre og berre stenge eitt felt

Publisert: 21.02.2019 13:51

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31