Snart kan fiskarar dele augneblinksbilete av ekkolodd
FISK: Snart kan fiskarar dele ekkolodd-data via ei ny teneste.
Nytt

Snart kan fiskarar dele augneblinksbilete av ekkolodd

Snart kjem tenesta SnapFish, der fiskarar får moglegheit til å dele ekkoloddata mellom båtar. 

17.01.2018
NPK: – I dag er det mykje kommunikasjon mellom fiskarar, og dei brukar ofte mobiltelefon til å dele og diskutere bilete av ekkolodd og sonar. Men då blir ikkje oppløysinga god nok.
- I tillegg har kvar skipper eigne innstillingar på ekkoloddet som gjer det utfordrande å tolke bilda, seier seniorforskar Ståle Walderhaug ved Sintef Digital til
Det nye verktøyet vil sende eit augneblinksbilete i rådata, slik at skipperane får det opp i den visinga dei ønskjer på eige utstyr.

Testversjon i år

Truleg vil det komme ein testversjon ein gong i år og ein endeleg versjon neste år.
Tenesta skal bli ein del av prosjektet FiskInfo på BarentsWatch. Der er det òg informasjon om tapte reiskapar, informasjon om kvar det går føre seg seismikk og informasjon om kvar det er iskantar.
I siste fase av prosjektet er planen å lage ei teneste for å rapportere og dele data om fangst når den er tatt, i staden for at denne informasjonen først blir delt når fangsten er landa.
Sintef har leidd prosjektet.

Publisert: 17.01.2018 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17