Smitteverntiltak kostar Vard millionar i veka
SJEF OG TILLITSVALT: Vard-sjef Erik Haakonsholm og tillitsvalt Arne Otto Rogne håpte begge på at verftskonsernet skulle få dekka noko av utgiftene som er direkte knytt til smittevern og handtering av koronapandemien. 
Nytt

Smitteverntiltak kostar Vard millionar i veka

Leiing og tillitsvalt i Vard er skuffa over at verftskonsernet ikkje får dekka kostnadane. 

Marius Rosbach
28.05.2020
Konserntillitsvalt Arne Otto Rogne var mellom dei som tok i mot næringsminister Iselin Nybø og distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland på Vard Langsten onsdag.
Vard sine verft har i hovudsak greitt med arbeid og har hatt mykje folk i jobb til trass for at det har vore store utfordringar – og kostnader - med smittevern.
– Vi hadde håpt på at det skulle komme noko meir pengar direkte på dette. Det har vore sagt tidlegare at dei som har store ekstra kostnader knytt til koronapandemien, skal få dekt det, påpeiker Rogne til NETT NO.

Les også:


Utgifter på fleire millionar i veka

Leiinga i verftskonsernet opplyser at dei kan dokumentere kostnader på fleire millionar kroner kvar veke som følgje av ulike smittevernstiltak.

Fagforeiningsleiaren meiner det er skuffande at slikt ikkje blir teke omsyn til i utforminga av krisetiltaka.
– Vi har sysselsett folk så mykje vi har kunna, men det gir oss ein del ekstra kostnader. Ein kunne stengt dørene og permittert alle saman, også gitt rekninga til staten på det viset. Men vi har valt å gjere det på ein anna måte – og det skjer etter oppmoding frå regjeringa, påpeiker Rogne.

Viser til at fleire har same kostnader

Næringsminister Iselin Nybø gir førebels lite håp om at verfta skal få dekka sine kostnader på det området. Då NETT NO spurde statsråden direkte om dette på Langsten.
– Det viktigaste på kort sikt i den samanhengen er å få opna opp at grensene igjen, slik at utanlandske arbeidarar slepp å sitte i karantene. Det jobbar vi med no og vi er i dialog med andre land, seier ho.
Nybø påpeiker at den pakka som no blir lagt fram, i første rekke har til hensikt å «få hjula i gong».
– Er det aktuelt å kome tilbake til slik direkte støtte til auka kostnader?
– Det er utgifter som dei har saman med andre bransjar, som oljebransjen, byggebransjen og landbruket – der vi ser noko av den same problematikken, svarar ho.
– Dette er dokumenterte utgifter til smittevern. Kan det vere aktuelt å få dekka det på eit seinare tidspunkt?
– Det eg meiner er viktig her og no, er å få innspel på dei krisepakkane som er her no. Og det er nok ein del av bedriftene som får støtte i dag, som nyttar dei pengane på dette, seier ho.

Les også:





Gir ikkje opp

Erik Haakonsholm, som leiar Vard sine avdelingar for spesialskip- og offshorefartøy, har likevel ikkje gitt opp håpet om å få dekke smittevernutgifter.
– Vi har ikkje gitt opp den kampen og vil halde fram å jobbe for å få dekka dette, seier han til NETT NO.
Han påpeiker at også dei indirekte kostnadene er betydelege.

Hadde håpt på utvida permitteringsordning

I pakka som blei lagt fram onsdag, hadde regjeringa lagt inn 684 millionar kroner til nye maritime prosjekt i perioden fram til 2024. Ei låneordning for flåtefornying, ein pott til forsking og utvikling, i tillegg til forsering av oppgradering av Skjold-korvettane til sjøforsvaret var nye tiltak.

Les også:


Tillitsvalt Arne Otto Rogne er glad for at dei kom, men synest tiltaka blei i minste laget.
– Det vil nok hjelpe litt, så det er absolutt positivt at dei kjem med noko. Men vi hadde håpt på litt meir, legg Rogne til.
– Hadde du håp om at det kunne kome heilt nye prosjekt?
– Vi har eigentleg ganske mykje arbeid, men alle nye prosjekt er velkomne – om det skulle gå til oss eller andre verft, svarar han.
Rogne legg også til at han hadde håpt på ei utviding av permitteringsperioden. Om det ikkje kjem, er han redd for at dei som har satsa på å halde folk i arbeid, på sikt vil få problem med å halde på dei tilsette.

Les også:



Resultat 1. kvartal 2020:


Klubbleiar på Vard Søviknes:


Publisert: 28.05.2020 02:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57