Smitteutbrot i fiskeforedlingsbedrift
Nytt

Smitteutbrot i fiskeforedlingsbedrift

Totalt 13 personar har testa positivt på Covid-19 i samband med eit smitteutbrot i Sula og Ålesund.

Marius Rosbach
04.02.2021
Smitta er knytt til fiskeforedlingsbedrifta Waterline AS på Eidsnes i Sula, melder Ålesund og Sula kommunar torsdag morgon.
Sju av dei smitta er heimehøyrande i Sula og seks er frå Ålesund.
– Leiinga i Waterline AS tek saka på høgste alvor, og har medverka til eit effektivt smittesporing. Alle som har testa positiv er isolert og nærkontaktar har fått karantene, heiter det i ei melding frå kommunane.

Fann ikkje smittekjelda

Det var tysdag kveld og onsdag morgon at kommuneoverlegane i Ålesund og Sula fekk meldt om to positive tilfelle som var knytt til Eidsnes-bedrifta. Ein fann ikkje smittekjelde, og valte å teste alle tilsette og medlemmar husstandane til dei som testa positivt.
Onsdag kveld fekk ein melding om positivt resultat på åtte av desse, og torsdag er det meldt om ytterlegare tre positive prøver. Virusprøvane vert analysert for mogleg mutering.
Kommunalsjef Kjetil Fylling for helse- og sosialsektoren i Sula kommune fortel til NETT NO at smittevegen etter det han kjente til torsdag morgon, var ukjent.
Klokka 12 torsdag skal kommunen si pandemigruppe ha eit møte, der det kan kome ny informasjon.

Skuleklassar i karantene

Ein av dei smitta er elev ved Fagerlia vidaregåande skole.
– Kommuneoverlegen i Ålesund har i samarbeid med rektor sett tre skoleklassar med lærarar i karantene ved skolen. Dei aktuelle elevane og lærarane er varsla, heiter det i meldinga frå .
I Sula kommune er elevar ved Fiskerstrand skule, Langevåg skule og Sula ungdomsskule sett i karantene og testa. Ingen av desse hadde torsdag morgon testa positivt, ifølgje .

Smitteutbrot i haust

Seint i haust hadde Sula eit . Då var fleire titals smitta av mannskap om bord på fleire trålarar til kai.
Smitte frå det utbrotet skal ikkje ha spreia seg til lokalbefolkninga, og drifta ved verftet.

Les også:





Publisert: 04.02.2021 19:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14