- Vi vart tildels overraska over det som kom inn, seier designsjef Einar Vegsund i i Rolls-Royce Marine etter å ha analysert data frå drifta av ein større fiskebåt.
Denne veka presenterte han deler av funna på Fishtech-konferansen i Ålesund.
Roll-Royce Marine har testa eit eigneutvikla system med sensorar (følarar) som kan koblast til alt maskineriet og utstyret som driv skipet fram. Utstyret er utvikla for både handel-, offshore- og fiskefarty og har vore testa på fleire farty i over tre år.
Men det vart kjapt klart at utstyret også kan gi gevinst til reiarane, som får betre oversikt over kva som er økonomisk drift eller ikkje.
Ved å analysere informasjonen som blir samla inn kan datamaskiner ombord gir skipperen råd om korleis han eller ho bør segle og operere skipet. Neste steg er å utvikle teknologien slik at informsjonen frå havet kan sendast via satelitt til kontoret på land, der reiarlaget får full og direkte oversikt over drifta av heile flåten.
Det er mellom anna slike gevinstar Rolls-Royce sitt "Intelligente skip-program" skal bidra til å ta ut.
Vegsund presisere det er opp til reirarlag og skipper å avgjer kor mykje kraft som er naudsynt. Det handlar mellom anna om evna til å handtere ein kritisk situasjon.
Men slik Vegsund ser det er resultatet frå dataanalysen slik at det er grunn til å spørre om ikkje fiskeflåten kan greie seg med mindre motorkraft - som kostar mindre både i drift og innkjøp - enn det som er dagens standard.
Det kan vere betre økonomi å ikkje oppsøke situasjonar der ein ut frå erfaring veit gir tøffe forhold. Det dataanalysen tyder på er at det uansett berre er snakk om nokre få dagar i året.
Dagens teknologi gir dessutan større valfridom. Det er til dømes råd å kombinerer hovudmotor og hjelpemotorar slik at den krafta reiarlaget ønskjer seg er tilgjengleg, men med ein mindre hovudmotor enn før.
Denne veka presenterte han deler av funna på Fishtech-konferansen i Ålesund.
Roll-Royce Marine har testa eit eigneutvikla system med sensorar (følarar) som kan koblast til alt maskineriet og utstyret som driv skipet fram. Utstyret er utvikla for både handel-, offshore- og fiskefarty og har vore testa på fleire farty i over tre år.
Betre kontroll
Systemet er framleis under utvikling, og vart opphavleg laga fordi at Rolls-Royce Marine ville ha betre data om korleis Rolls-Royce sitt utstyr og maskineri verka.Men det vart kjapt klart at utstyret også kan gi gevinst til reiarane, som får betre oversikt over kva som er økonomisk drift eller ikkje.
Ved å analysere informasjonen som blir samla inn kan datamaskiner ombord gir skipperen råd om korleis han eller ho bør segle og operere skipet. Neste steg er å utvikle teknologien slik at informsjonen frå havet kan sendast via satelitt til kontoret på land, der reiarlaget får full og direkte oversikt over drifta av heile flåten.
Sparer 30 prosent
I januar 2014 skreiv NETT NO at dei dyktigaste ringnotreiarane brukar 30 prosent mindre drivstoff enn gjennomsnittet.Det er mellom anna slike gevinstar Rolls-Royce sitt "Intelligente skip-program" skal bidra til å ta ut.
Kan ha mindre motor
Etter å ha analysert store mengder driftsdata frå fiskebåten som har vore med på testprosjektet, fann Vegsund og kollegaene ut at båten i svært liten grad tok i bruk all motorkrafta den hadde ombord.Vegsund presisere det er opp til reirarlag og skipper å avgjer kor mykje kraft som er naudsynt. Det handlar mellom anna om evna til å handtere ein kritisk situasjon.
Men slik Vegsund ser det er resultatet frå dataanalysen slik at det er grunn til å spørre om ikkje fiskeflåten kan greie seg med mindre motorkraft - som kostar mindre både i drift og innkjøp - enn det som er dagens standard.
Det kan vere betre økonomi å ikkje oppsøke situasjonar der ein ut frå erfaring veit gir tøffe forhold. Det dataanalysen tyder på er at det uansett berre er snakk om nokre få dagar i året.
Dagens teknologi gir dessutan større valfridom. Det er til dømes råd å kombinerer hovudmotor og hjelpemotorar slik at den krafta reiarlaget ønskjer seg er tilgjengleg, men med ein mindre hovudmotor enn før.
Publisert: 17.01.2015 06:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:40





