Smaakraftforeninga jublar over elsertifikatforslag
GLEDE: Styreleiar Bjørn Lauritzen i Småkraftforeninga gler seg over forslaget frå Høgre og Framstegspartiet
Nytt

Småkraftforeninga jublar over elsertifikatforslag

Regjeringa forslår å gi 170 eigarar av småkraftverk grøne sertifikat.

22.05.2020
(NPK): – Ein jubeldag for utestengde kraftverk, meiner Småkraftforeninga.
Forslaget blei sendt på høyring onsdag og vil gi grøne elsertifikat til vasskraftverk inntil 10 MW som har hatt byggjestart etter 1. januar 2014, heiter det i ei pressemelding frå Småkraftforeninga.
Styreleiar i Småkraftforeninga Bjørn Lauritzen kallar det ein «gledas dag» etter at foreininga og andre aktørar har arbeidd med saka sidan 2009.

Trer i kraft 1. januar 2016

Lauritzen gir også honnør til Høgre og Framstegspartiet.
Det var kraftverk bygd mellom 2004– 2009 som blei utelatne frå ordninga då ho blei vedteken. Om forslaget går gjennom, vil det ikkje tre i kraft før 1. januar 2016.
Regjeringa treng støtte frå Venstre eller Kristeleg Folkeparti i Stortinget. Det må også forhandlast med Sverige dersom sertifikatordninga skal utvidast, skriv BT.

Publisert: 22.05.2020 16:31

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:40

Mer om