Smaakrafteigarar med valutasatsing
TOK VALUTALÅN: 28. april 2010 starta Brunstad Kraft i Sykkylven produksjonen. Her er turbinbygget like før det blei fullført. Bygging gjekk etter planen og selskapet har produsert straum sidan starten, utan uføresette driftsavbrot. I tillegg sikra selskapet kursen på valutalånet sitt i starten. Det gav ein gevinst som dempa dei seinare ulempene med valutalånet. Ikkje alle kraftselskap har kome like godt ut av å låne i valuta.
Nytt

Småkrafteigarar med valutasatsing

Fleire småkraftverk på Sunnmøre er finansiert med valutalån.

26.05.2020
Brunstad Kraft i Sykkylven, Eidsdal Kraft i Eidsdal, Engeset Kraft og Embla Kraft på Stranda. Alle tok opp lån i utanlandsk valuta for å finansiere utbygging av kraftverka, slik som også Tryggestad Kraft ved Hellesylt gjorde. For dei fleste blei valutalånet ei byrde på grunn av negativ utvikling av vekslingskursen med norske kroner.

Brunstad Kraft og Eidsdal Kraft har lokale eigarar, Engeset Kraft og Embla Kraft er kjøpt opp av selskap i Clemens Kraft Holding-konsernet, som eig ei rekkje norske småkraftverk. Clemens Kraft Holding er eigd av Opplysningsvesenets fond (50,1 prosent) og sveitsiske CPV/CAP Pensionskasse Coop (40,9 prosent).
Også Ringdal Kraftverk på Hellesylt er kjøpt av Clemens Kraft Holding-konsernet.
Tryggestad Kraft var seld til finske Suomen Voima 15. april.

Risiko

Risikoen ved å ta opp valutalån er at kursendringane innan lånet er tilbakebetalt kan gjere lånet dyrare, dyrare enn den eventuelle rentegevinsten samanlikna med lån i norske kroner.
I og med at kronekursen etter 2010 stort sett har utvikla seg i negativ lei for norske låntakarar med valutalån, har låna blitt dyrare. Det slår ut når renter, og spesielt avdrag skal betalast, men får også ein umiddelbar negativ effekt på resultat før skatt og den bokførte eigenkapitalen i selskapa.

Uvanleg finansiering

Å ta opp lån i valuta er ikkje standard prosedyre blant småkraftselskapa.
- Eg veit det var nokon som gjorde det, og spesielt på Sunnmøre, seier styreleiar Lars Emil Berge i bransjeorganisasjonen Småkraftforeninga.
Men dei er unntaket.
- Dette var ikkje noko ein gjorde overalt, seier Berge.

Lån i euro

Eidsdal Kraft og Engeset Kraft blei stifta i 2005, Ringdal Kraftverk i 2006, Brunstad Kraft i 2008 og Embla Kraft i 2009.
Brunstad Kraft har framleis valutalån i følgje årsrapporten for 2019. Selskapet hadde overskot både i 2019 og 2018, og har hatt positiv bokført eigenkapital i alle år. Dagleg leiar Oddbjørn Brunstad seier selskapet låste valutakursen i starten, som gav ein gevinst som reduserte ulempene seinare. I dag er lånet nedbetalt så mykje at valutautviklinga har mindre betydning, i følgje Brunstad.
Eidsdal Kraft gjorde valutalånet om til eit lån i norske kroner i 2014. Selskapet hadde overskot i både 2018 og 2019, og med overskotet i 2019 fekk selskapet også ein positiv bokført eigenkapital.
Engeset Kraft kjøpte seg ut av eurolånet sitt i 2014, to år før Clemens Kraft-konsernet kjøpte ut alle dei lokale eigarane. Det kosta selskapet 3,4 millionar kroner å kome seg ut av låneavtalen. Engeset Kraft hadde negativ bokført eigenkapital både då lånet blei refinansiert til lån i norske kroner, og då Clemens Kraft kjøpte ut alle lokale eigarar. Etter at Clemens Kraft tok over blei gjelda refinansiert.
Embla Kraft hadde valutalån til 2017. I 2018 var Clemens Kraft-konsernet blitt eigar og hadde refinansiert gjelda, mellom anna ved å skyte inn ny eigenkapital. Bokført eigenkapital gjekk frå minus 11,5 til pluss 15 millionar kroner og også resultatet før skatt gjekk frå negativt til positivt.
Dette var ikkje noko ein gjorde overalt

Publisert: 26.05.2020 06:00

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:40

Mer om