Smaafiskjakt til ein kvart milliard
KAN FÅ FISKEFELT OPPKALLA ETTER SEG: Per Inge Kvien fann store mengder mesopelagisk fisk på eit tokt ved Newfoundland på 80-talet.
Nytt

Småfiskjakt til ein kvart milliard

Midt på 80-talet såg fiskebåtskipper Per Inge Kvien noko nytt på ekkoloddet. No blir det satsa over ein kvart milliard kroner for å få tak i det Kvien oppdaga.

23.02.2019
Satsinga på mesopelagiske fiskeri har gått frå smått til massivt på kort tid. No investerer norske aktørar og EU over ein kvart milliard kroner for å utvikle eit lønsamt fiske på bittesmå fisk.
Det Kvien oppdaga på ekkeoloddet på veg mot loddefiske ved Newfoundland midt på 90-talet, var store mengde laksesild, ein bitteliten fiskeart - ein fisk i gruppa mesopelagiske fiskeartar.
Klikk på lenka i slutten av artikkelen for å sjå pumping av laksesild frå trålen, på eitt av Lie Gruppen sine forsøksfiske-tokt
Såkalla mesopelagiske artar består av fleire fiskeartar, og mange ulike manetar, planktoniske krepsdyr, reker, krill, og blekksprut. Kvar for seg er det små organismar, men mengdene gjer dette fisket økonomisk svært interessant. Til saman er det gjort så høge estimat som 10.000 millioner tonn, som er 100 gonger meir enn det som vert fiska på verdsbasis kvart år.

Ny ressurs

Suksess kan gi tilgang til ein ressurs som kan forsyne fôrbransjen og matvareindustrien med verdifullt protein og fiskeolje. Mellom anna kan det bli ei kjelde for marint fôrråstoff for oppdrettsnæringa, som i dag brukar soya for å gi oppdrettsfisken nok mat.
Krillen i havet rundt Antarktis har det vore fiska på i fleire tiår, men det nye det blir satsa på på no er fiske etter dei små fiskeartane.
NETT NO skreiv tidlegare denne veka om satsinga Hordafôr-grunnleggar Odd Karsten Østervold står bak, eit treårig prosjekt med ein samla kostnad på over 100 millionar kroner. Østervold har mellom anna økonomisk støtte frå Innovasjon Norge og Norges Sildesalgslag i ryggen.

Det første toktet startar til våren og går fra Island mot fiskefelta ved Newfoundland.

Storsatsing frå EU

Det norske Havforsikringsinstituttet sit i førarsetet for eit stort EU-prosjekt på mesopelagisk fiske, der målet er å finne ut kvar fisken er, korleis den skal fangast og prosesserast. Prosjektet startar i sommar/haust og skal vere ferdig i 2023. Prosjektet er ein del av EU si store satsing på forsking og utvikling, Horisont 2020.

EU har løyvd seks millionar Euro, cirka 60 millionar kroner til prosjektet. I tillegg har EU løyvd like mykje til eit anna mesopelagisk prosjekt, med ein spansk institusjon i førarsetet. Der er hovudmålet å kartlegge økologien, altså kor mykje som kan haustast.
I tillegg til støtte frå EU skal partnarane i prosjektet - 20 partnarar berre i prosjektet Havforskingsinstituttet står i spissen for - sjølve bidra med arbeidstid og eigeninnsats. Det betyr at EU-prosjekta og Østervold-prosjektet til saman er på over ein kvart milliard kroner.

Innovasjon Norge satsar mesopelagisk

Innovasjon Norge har støtta Østervold-prosjektet med 14 millionar kroner. I tillegg har Innovasjon Norge gitt støtte til fiskebåtreiarlaga Lie Gruppen og Brødrene Birkeland, som begge har vore på prøvetokt etter mesopelagisk fisk. Så langt har Innovasjon Norge støtte utvikling av mesopelagisk fiske med 20 millionar kroner.
Lie Gruppen var på prøvetokt både i 2017 og 2018, og arbeider med ein søknad om eit nytt tokt i år.
Innovasjon Norge støttar også inititiativet frå Lie Gruppen og Brødrene Birkeland til å etablere eit bedriftsnettverk for selskap som satsar på mesopelagisk fiskeri og vil har med fleire, også aktørar frå Island og Færøyane med i eit samarbeid. Sidan det er snakk om å utvikle eit nytt fiske må både utstyrsleverandørar, fiskarar og foredlingsindustrien bidra. Samstundes.
- Det er ei heil verdikjede som må utviklast, seier Ole Jørgen Marvik i Innovasjon Norge.

Stor interesse, liten innsats

Rundt 50 fiskebåtreiarlag søkte om løyve til prøvefiske etter mesopelagsisk fisk i 2017, fire søkte i 2018 i følgje Fiskeridirektoratet.
Dei færraste som søkte gjennomførte fiske, men nokre få satsa.
No er Fiskeridepartementet i gang med å lage eit høyringsnotat om korleis ei konsesjonsordning ei kommersiell hausting skal utformast.
Når Østevold sender fiskebåten Mokstein på tokt til våren er ruta den same som Kvien tok på 80-talet, frå Island til Newfoundland.
Østervold og Kvien møttes for nokre år sidan, og det er nettopp Kvien si historie som gjer at Østevold bestemte at der skulle det leitast.
Blir det suksess er det ingen tvil om kven som skal heidrast.
- Då skal det heite Kvien-feltet, seier Østervold.

Publisert: 23.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31