Smaa tap og vekst i baade utlaan og innskot
RESULTAT: Adm. dir. Trond Lars Nydal er godt fornøgd med resultatet for Sparebanken Møre i jubileumsåret. 
Nytt

Små tap og vekst i både utlån og innskot

Sparebanken Møre låner meir pengar til næringslivet, og har samstundes svært små tap. Adm. dir.  Trond Lars Nydal leverer gode tal.

24.01.2019
Totalt har Sparebanken Møre 60,3 milliardar kroner i utlån, fordelt på 41,9 milliardar i personmarknaden og 18,6 milliardar til næringsliv. For næringsliv sin del er dette ein auke på 8,4 prosent på eitt år.
Tap på utlån i fjor vart berre på 16 millionar kroner.
Dette fastslår banken som torsdag legg fram tal for fjerde kvartal 2018 og for heile året.

Forventar godt 2019

Også i innskot har banken vekst, og hadde ved årsskiftet 34,4 milliardar kroner i innskot, der 13,8 milliardar kom frå næringslivet.
- I 2019 forventar vi framleis lave tap og ein utlånsvekst på linje med fjoråret, seier adm. dir. Trond Lars Nydal.
Han viser til banken forventar at produksjon og etterspørsel vil halde seg godt oppe i fylket. Årsaken er lavt rentenivå, svak kronekurs, høg aktivitet i offentleg sektor og framleis vekst i eksportmarknadene.
- Oppgangen i aktivitetsnivået, saman med betydeleg omstillingar i arbeidsmarknaden dei siste åra, har ført til lav arbeifsløyse, seier Nydal og viser til at registrert i arbeidsløyse i fylket no er på 2,3 prosent.
- Med utsikter til moderat produksjonsvekst i fylket vil arbeidsløysa truleg stabilisere seg dagens nivå gjennom inneverenade år.
Konsernet hadde eit resultat etter skatt på 141 millionar kroner i fjerde kvartal, ned frå 157 millionar kroner i fjerde kvartal 2017.

156 millionar til gode formål

På årsbasis er resultatet etter skatt på 605 millionar kroner, 48 millionar kroner meir enn året før.
Styret innstiller no på at det skal betalast eit kontantutbyte på 15,50 kroner for kvart eigenkapitalbevis.
I tillegg foreslår styret at det skal avsetjast 156 millionar kroner til gode tiltak innan kultur, idrett, nærmiljø, samferdsle, kompetanse og næringsutvikling.

Publisert: 24.01.2019 08:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30