Sluttar som konsernsjef
STARTA I FJOR HAUST: Karsten Sævik starta som konsernsjef i Hareid Group i oktober i fjor. 
Nytt

Sluttar som konsernsjef

Karsten Sævik har ingen konkrete planar for vidare jobb, når han gir seg som toppsjef i Hareid Group.

Marius Rosbach
19.11.2020
Karsten Sævik fratrer som konsernsjef i Hareid Group, opplyser konsernet i ei pressemelding torsdag.
I ein sms til NETT NO opplyser Karsten Sævik at han ikkje har nokon konkrete planar om kva som blir neste steg på jobbfronten. Utover det viser han til pressemeldinga.
Sævik starta som konsernsjef i Hareid Group i fjor haust, etter ei periode som verftsdirektør på Kleven i Ulsteinvik.

Har starta jakta på etterfølgar

Styreleiar Bjørn Bjåstad i Hareid Group uttaler i meldinga at han beklagar at samarbeidet med Sævik ikkje vart lengre.
NETT NO har snakka med Bjåstad, som seier han ikkje har meir å seie enn det som står i pressemeldinga. Her blir det påpeika at Sævik har bidrege til å bygge ny struktur i organisasjonen i ei periode der det har vore utfordringar i marknaden.
Styreleiaren fortel at arbeidet med å finne ein etterfølgjer allereie er i gong.

Tilbake i pluss i fjor

Hareid Group var tilbake på plussida i rekneskapen i fjor. Omsetninga auka i 2017 og 2018, men begge åra enda med tap.
Hareid Group består av fleire heil- og deleigde selskap, og leverer varer og tenester knytt til elektroinstallasjon på land og for skip i tillegg til forbrukarelektronikk. Konsernet har ti aksjonærar. Dei to største er Bjørn Bjåstad og familien og Bjørn Teigene og familien - begge med 39,9 prosent.

Les også:



Publisert: 19.11.2020 14:57

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:37