Sluttar paa dagen i Rolls Royce
SLUTT: John Knudsen har sagt opp stillinga som adm. dir. Rolls-Royce Commercial Marine.
Nytt

Sluttar på dagen i Rolls-Royce

John Knudsen sluttar som toppsjef i Rolls Royce Commercial Marine.

17.08.2015
- John Knudsen grunngjev dette med personlege årsaker, seier kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk.
Dei tilsette vart informerte om avgjersla gjennom eit internskriv måndag.
- Det ligg ingen dramatikk i dette, seier Bonnevie Wollebæk.

Helge Gjerde overtek

Konsernet har samstundes oppnemnd Helge Gjerde som ny toppsjef i Commercial Marine.
- Dette er ei mellombels løysing inntil vi får ei permanent løysing, seier Bonnevie Wollebæk.
John Knudsen overtok som toppsjef i Rolls-Royce Commercial Marine etter herøyværingen Anders Almestad i november 2013.
Knudsen kom då frå stillinga som adm. dir. i Bergen Engines.

Kuttrunder

Knudsen har i sin leiarperiode i Rolls-Royce sett at inntektene har stupt, og det har vorte sett i gang fleire kuttrunder.
Eit større oppkjøp i Rolls-Royce plc frå eit 'activist investor'-fond har også sett i gang spekulasjonar om Rolls-Royce vil kvitte seg med Rolls-Royce Commercial Marine, som den norske delen er ein del av.
Det ligg ingen dramatikk i dette

Publisert: 17.08.2015 21:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46