Slutt for tre byggfirma men ingen konkursauke
FLEST KONKURSAR: Bygg- og anleggsbransjen har dei høgaste konkurstala i 2019. 
Nytt

Slutt for tre byggfirma, men ingen konkursauke

Byggefirma er framleis på konkurstoppen, men det ligg ikkje an til auke i dei samla konkurstala på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
12.12.2019

Det er opna konkurs i tre nye byggefirma på Nordvestlandet i løpet av den siste veka. Bygg- og anlegg er framleis bransjen der flest firma har gått over ende i år.

Det samla talet på bedrifter som har gått konkurs på Nordvestlandet, er på nivå med fjoråret. Så langt i år er det registrert 200 konkursar i Møre og Romsdal, mot 210 i heile fjor. I Sogn og Fjordane er det registrert 58 konkursar, medan det var opna 55 konkurssaker i fylket i fjor.

Tre nye byggkonkursar
I løpet av den siste veka er det meldt oppbod i tre byggefirma. Vigra-selskapet KE Boligbygg og PEFA Miljø i Vestnes. Førstnemnte blei starta opp for kring fire år sidan. Dei har hatt inntekt på kring ein halv million årleg og har gått med eit lite minus i åra fram til 2018.

PEFA Miljø har hatt ei omsetning på 10-11 millionar i 2017 og 2018, men drifta gjekk samla med kring tre millionar i underskott. Vestnes-firmaet som no har meldt oppbod, er registrert med ni tilsette i Brønnøysundregistera.

Sunnmøre tingrett har også opna konkurs i snikkarfirmaet Kaba projects i Haram. Selskapet som blei starta i 2017, er knapt registrert med aktivitet i Brønnøysund.

Også i Nordfjord er det opna fleire konkursar siste veka. I Måløy er det meldt oppbod for butikken Baby Villa og i Nordfjordeid er det meldt oppbod for Eid Fargesenter.

Byggebransjen og varehandel verst stilt
Halvvegs gjennom året toppa bygg- og anlegg konkursstatistikken i Møre og Romsdal saman med varehandel.

Siste halvdel av 2019 har situasjonen forverra seg for byggebransjen. 62 av konkursane i Møre og Romsdal i år, gjeld firma i bygg- og anleggsbransjen. På dei neste plassane kjem varehandel med 50 konkursar og overnattings- og serveringsbransjen med 21 konkursar.

I industrien og innan transport- og lagring er det berre registrert høvesvis fire og seks konkursar.

Les også: Fekk selt bustadsatsing etter byggekonkurs

Byggefirmaer på konkurstoppen – bransjeforening foreslår tiltak


Publisert: 12.12.2019 11:03

Sist oppdatert: 25.05.2022 13:08