Slo seg saman for aa bygge vikingskip
SJØSETTING: Framme frå venstre Dag Inge Bjørkedal, Jakob Helset, Ola Følsvik, Erlend Helset. Bak frå venstre, Ottar Kåre Bjørkedal og Jakob Bjørkedal. Dei seks har bygd vikingskipet som blir sjøsett laurdag og eig Bjørkedalsbåt as, selskapet som fekk kontrakten om å bygge skipet.
Nytt

Slo seg saman for å bygge vikingskip

Oppdraget med å bygge det over 30 meter lange "Myklebustskipet" fekk båtbyggarane i Bjørkedalen til å slå seg saman. Laurdag er det sjøsetting.

24.04.2019
"Myklebustskipet" er så langt det største fartyet båtbyggarane i Bjørkedalen i Volda nokon gong har bygt. Kontrakten er på 8,5 millionar kroner og det omfattande oppdraget fekk båtbyggarane til å etablere Bjørkedalsbåt as i 2016.
Selskapet samla fleire av båtbyggarane i bygda, som kan føre båtbyggartradisjonane sine attende No er dei straks i mål med skipet som skal vere med og gjere Nordfjordeid til eit turistmål.
Laurdag 27. april er det sjøsetting på Nordfjordeid. Søndag 28. april kjem kulturminister Trine Skei Grande for å døype skipet.
10. mai er det offisiell opning av Sagastadsenteret, der "Myklebustskipet" blir den største attraksjonen, mellom anna for cruiseturistane som i år tek i bruk Nordfjord som cruisehamn for første gang.

Satsar på nye oppdrag

Planen er å la selskapet Bjørkedalsbåt leve vidare, og legge eventuelle nye oppdrag inn i det selskapet, seier dagleg leiar og medeigar Dag Inge Bjørkedal.
Selskapet satsar først og fremst på båtbygging, men kan til dømes og bygge grindbygg.

Over 50 millionar

Til saman er det investert over 50 millionar kroner i å vise fram vikinghistoria på Nordfjordeid.
"Myklebustskipet" er ein rekonstruksjon av eit vikingskip som vart funne i ei gravrøys på Myklebust i Nordfjordeid. I og med at skipet var brent er det ingen kopi, men mellom anna plassering av naglane i funnet gjorde det råd å få eit godt bilete av storleiken.
Skipet er ein del av ei investering på tilsaman rundt 22 millionar kroner som Sagastad Drift har gjort. I tillegg til skipet omfattar investeringa mellom anna ei utstilling som skal ta besøkande attende til vikingtida ved hjelp av moderne teknologi.
Sjølve bygget som husar vikingskip og utstilling har kosta rundt 30 millionar kroner. Den investeringar står det kommunale selskapet Eid Industrihus for, og leiger bygget til Sagastad-senteret.
Den opphavlege prisen var 27 millionar kroner, men ekstrakostnaden blir rundt fem millionar, skreiv Sunnmørsposten i oktober i fjor.

Publisert: 24.04.2019 08:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32