Slik vil dei hente opp fisken utan aa avbryte fangsten
HUMLA: Det nye fangsthandteringssystemet er kalla TRAWL 2.0, og sentralt er undervassfarkosten 'Humla' som samlar opp fisken i trålposen.
Nytt

Slik vil dei hente opp fisken utan å avbryte fangsten

Dei meiner konseptet vil endre driftsmønsteret til trålnæringa og illustrerer den nye fangstteknologien som ei humle som flyg frå blomst til blomst og samlar inn nektar.

03.05.2019

Gründerane i Hareid-selskapet Stø Technology omtalar fangsthandteringssystemet sitt som disruptiv teknologi.

nettnohalf

- Dette vil få trålnæringa til å tenke heilt nytt med omsyn til fartøy- og prosessoptimalisering, nye driftsformer, marknadsutvikling og forretningsmodellar.

Det seier dagleg leiar Arne O. Flø, i ei pressemelding før fiskerimessa Nor-Fishing i Trondheim.

Året etter at selskapet blei etablert er Hareidsbedrifta ein av tre nominerte til stiftinga Nor-Fishing sin innovasjonspris.

Les meir om konkurransen her

Tre gründerar
Bak Stø Technology står Jan Børge Vik, Pål Roaldsnes og Arne O. Flø, med bakgrunn frå produktutvikling, fiskeri og økonomi- og produksjonsstyring.

Dei tre eig kvar sin tredjepart i selskapet.

Konkurrentane i til Innovasjonsprisen er Liegruppen på Sotra med sin nye fiskebåt og Sago Solutions på Stord med eit linefiskessystem som skal gi mindre svinn av patagonsk tannfisk i Sydishavet.

Lastar fisken i transportsekk
''Humla' er ein TAUV (Towed Autonomous Underwater Vehicle) som vert slept etter trålaren via ein sondekabel.

- Når trålen er fylt med passe mengde fisk vil 'Humla' ved hjelp av posisjonsdata, sonar og ein adapter kople seg på trålposen og laste fisken over i ein transportsekk. Deretter returnerer undervassfarkosten til skipet og avleverer fangsten gjennom eit mottaksarrangement under vasslinja på trålaren, til eit vassfylt mottak om bord, seier Flø.

Flø viser til at systemet kan iverata fisken på individnivå, og meiner at systemet kan eliminere problem som utmatting, klemskade og skrapskade på fisken.

Meir effektivt fiskeri
Når TAUV-en ikkje hentar fangst kan fartøyet også brukast til fiskeleiting og trålovervaking.

- Med denne teknologien vil trålaren kunne få opp fangsten hyppigare enn før, og med optimal dyrevelferd, seier Flø.

Han meiner at fiskeriet vil bli 15 til 20 prosent meir effektivt med denne metodikken.


Publisert: 03.05.2019 10:33

Sist oppdatert: 25.08.2021 12:22