Slik ser det ut om bord i nyeferja
SALONG: Slik ser det ut i salongen på den nye ferja som skal trafikkere strekninga Hareid - Sulesund.
Nytt

Slik ser det ut om bord i nyeferja

Fjord1 har no overtatt frå Havyard den første av tre ferjer som skal trafikkere strekninga Hareid - Sulesund.

15.12.2018
Ferja skal i sving frå nyttår på sambandet som er av dei mest trafikkerte i landet, og med nesten 850.000 køyretøy i fjor.
Ferja er av Havyard 936-design. Dette er også den første av ei rekke på tolv ferjer der Havyard Group både leverer design, framdrift og bruløysingar, i tillegg til å byggje ferja.
Konsernsjef Geir Johan Bakke seier i ei pressemelding at Havyard med desse ferjene tar i bruk totalkompetansen dei har i konsernet og samspelet mellom design-, elektro og verftsmiljø.
- På denne måten har vi greid å utvikle ferjer med ekstremt lavt energiforbruk.

Digitale modellar

Norwegian Electric Systems har levert bru, automasjon og elektriske kraftsystem og Havyard Design & Solutions står for designet.
Leiar for Havyard Design & Solutions, Stig Magne Espeseth seier i pressemeldinga at dei i arbeidet med ferjene har brukt erfaringar frå skrogtilpassing og digital testing av skrog innan andre segment.
- Med våre digitale modellar set vi ferja i drift på eit virtuelt samband. Då optimaliserer vi skroget opp mot kvar ferja skal gå og korleis ferja skal brukast.

Batteri og biodiesel

Havyard opplyser at ferjene over Sulafjorden flyttar 120 bilar med energiforbruket tilsvarande åtte, ni middels elbilar.
På ei vanleg overfart blir det brukt kun batteri, men dersom ferjene må bruke backup-energi, så blir det brukt biodiesel.

Publisert: 15.12.2018 12:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29