Slik er den nye koronastrategien til regjeringa
NYE OPPMJUKING: Statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen om koronasituasjonen onsdag. 
Nytt

Slik er den nye koronastrategien til regjeringa

No skal smitten kjempast mot lokalt - men framleis gjeld einmetersregelen – uansett kvar du er.

01.10.2020
(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): I fleire månader har heile befolkninga i Noreg vorte bedne om å vere med på koronadugnaden og respektere strenge tiltak – sjølv på stadar der det nesten ikkje har vore smitte.
No blir det i større grad kvar kommune for seg. Tida med nye, inngripande nasjonale koronatiltak er forbi.
Etter handteringa av fleire lokale utbrot i sommar og haust, er helsestyresmaktene stadig tryggare på at dei klarer å slå ned lokal smitte med målretta tiltak.
– No er eg overtydd om at vi er i stand til å handtere litt meir openheit og gjere det gradvis. Det var viktig for oss at vi såg at vi klarte å handtere lokale utbrot, seier statsminister Erna Solberg (H) til NTB.

– Krevjande

Onsdag kunngjorde ho at regjeringa lettar på dei nasjonale koronatiltaka etter ei tid med mykje uvisse og aukande smitte i enkelte delar av landet.
– Det har vore krevjande nokon stader. Vi har sett at det har vore krevjande å få opp nok kapasitet raskt nok. Det har vore krevjande å kunne smittespore. No er dette i mykje større grad på plass. Då trur eg at det går fint òg framover, seier statsministeren.
Blant tiltaka som no blir letta på, er den nasjonale skjenkestoppen ved midnatt.
Vidare blir det starta ei forsiktig gjenopning av breiddeidretten, og det blir nokre unntak i forskrifta om einmeterskrav i nokre arrangement. Regjeringa opnar òg for at inntil 600 personar kan vere til stades samtidig på utandørsarrangement.
Det blir òg tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom publikummarar på same seterad, til dømes på kinoar.

Gulrot

Nokre nasjonale reglar har likevel komme for å bli – heilt til vi er kvitt viruset for godt.
– Folk på stadar med lite smitte kan puste letta ut, men må halde einmetersavstanden framleis, vaske hendene og vere heime når dei er sjuke. Det er ingen unntak for dei reglane, understrekar statsministeren tydeleg.
Ho håpar at den nye strategien kan gi ein gulrot-tankegang i kommunar med låg smitte. Dette påpeikar òg helsedirektør Bjørn Guldvog:
– Dei kommunane som har høg smitte, kan ikkje starte opninga på same måte. Dei må vente til dei har komme ned på eit akseptabelt nivå. Det kan òg bidra til eit engasjement i desse kommunane om at ein står saman om å få ned smitten for å kunne opne opp igjen, seier han.
I Oslo er det til dømes framleis lokalt munnbindpåbod på offentleg transport og forbode å samle seg meir enn ti stykk i private heimar, medan Bergen, som har vore gjennom alvorleg utbrot, denne veka kunne fjerne dei lokale tiltaka.

Noreg - eit annleisland

Helseminister Bent Høie (H) påpeikar at Noreg på mange måtar er eit annleisland i Europa – i positiv forstand. Fleire stadar i Europa aukar nemleg smitten dramatisk.
– Vi har ingen garanti for at dette verkar vidare. Men vi veit no at det kan verke. Viss vi ser tendensar til at vi mistar kontrollen, har vi moglegheit til å stramme inn nasjonalt, seier han.
Og nokre nasjonale tiltak vil det nok framleis vere behov fór i lang tid:
– Det er nok slik at vi har behov for å ha nokre nasjonale grenser på arrangement og kor mange menneske som kan møtast. Det handlar òg om risikoen for utbrot, og kapasiteten det blir kravd for å handtere eit utbrot viss mange har vore samla utan rammer, seier helseministeren.
(©NPK)
Det har vore krevjande å kunne smittespore. No er dette i mykje større grad på plass. Då trur eg at det går fint òg framover

Publisert: 01.10.2020 09:54

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:14