Slik blir den nye skattemeldinga
NESTE ÅR: Etter planen skal systemet for den nye skattemeldinga vere heilt ferdig i 2021, men mesteparten av endringane kjem allereie neste år. 
Nytt

Slik blir den «nye» skattemeldinga

Skatteoppgjeret blir klart i april.

11.06.2019
NPK-NTB-Marius Helge Larsen_ Gløym at skattepengane først kjem i slutten av juni. Gløym at Skatteetaten bruker veker på å behandle skattemeldinga. Frå neste år skjer det store omveltingar.
– Er ikkje det flott? Det blir jo kjempemykje betre! seier direktør for brukardialog Marta Johanne Gjengedal i Skatteetaten.
Frå 2020 fasar Skatteetaten inn eit nytt system for handtering av skattemeldinga.
Det første folk vil merke, er at den førehandsutfylte skattemeldinga kjem tidlegare enn før. Fram til no har ho komme i byrjinga av april, men planen er at ho skal bli sendt ut puljevis over ein periode i forkant av dette.
– Det er vanskeleg å love nøyaktig når ho kjem, fordi vi er avhengig av opplysningane som kjem inn til oss, seier Gjengedal til NTB.

Lynraskt skatteoppgjer

I desse tidene sit mange og ventar på at det endelege skatteoppgjeret skal komme i slutten av juni, sjølv om fristen for innlevering av skattemeldinga var for over ein månad sidan (31. april).
– Med det nye systemet får du skatteoppgjeret rett etter at du sender inn dei endringane du har. Innan kort tid får du vite kor mykje pengar du eventuelt skuldar i restskatt eller har til gode, seier Gjengedal.
I prinsippet betyr det at du kan få skatteoppgjeret tidleg i april.
– Vi håper at mange vil gå inn og sjå over skattemeldinga og gjere eventuelle endringar med ein gong ho kjem. Det er bra for alle partar at det skjer raskt og riktig, seier Gjengedal.

Pengane kjem tidlegare

Og Skatteetaten har ei gulrot på lur for å få folk til å levere tidleg.
– I staden for at alle får utbetalte pengane dei har til gode på likt i juni som i dag, blir utbetalinga knytt opp mot når du leverer. Planen er at pengane skal komme kort tid etter at du har levert, seier ho.
Dermed vil pengane komme inn på konto fleire veker tidlegare enn no. Skatteetaten er førebels usikre på kor raskt utbetalinga vil skje, men håpet er at det blir snakk om dagar eller maks eit par veker etter innlevering.

Sjekkar krav

– Før pengane blir utbetalte må vi sjekke om du skuldar pengar til staten, eller andre, som skal trekkast frå. Til dømes trygdeutgifter, barnebidrag eller andre krav. Dette kan ta litt tid, forklarer Gjengedal.
Det finst òg ein annan risiko for at eventuelle utbetalingar kan dryge. Til liks med i dag, kan enkelte få beskjed om at dei er plukka ut for nærare kontroll før skatteoppgjeret blir utlevert.
– I dag blir rundt 10 prosent plukka ut til slik kontroll, seier Gjengedal.

Nytt grensesnitt

Den nye digitale løysinga for skattemeldinga skal òg bli meir brukarvennleg.
– Folk kan få meir tilpassa forklaringar og rettleiingar for kvar post undervegs i skjemaet. I dag må dei sjølve søke opp rettleiingane på nettsidene til skatteetaten, seier Gjengedal.
Ei testgruppe har allereie prøvd systemet i år, og tre av fire meinte det fungerte godt.
Etter planen skal den nye skattemeldinga for lønnstakarar og pensjonistar vere heilt ferdig i 2021, men mesteparten av endringane kjem allereie neste år.

Publisert: 11.06.2019 15:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36