Slapp lettare fraa korona enn frykta
ÅLESUND-SELSKAP: Administrerande direktør Ingegjerd Eidsvik (innfelt) i Ålesund-selskapet Artec Aqua som leverer utstyr til oppdrettsanlegg på land. 
Nytt

Slapp lettare frå korona enn frykta

Artec Aqua-sjefen forsikrar at dei framleis er i vekst og har nettopp tilsett fleire.

Marius Rosbach
06.08.2020
2019-rekneskapen frå Artec Aqua er no klart i Brønnøysundregistera. Utstyrsprodusenten til oppdrettsanlegg har vekst i rekordfart i fleire år, men i fjor viste både inntektene og lønsemda eit bikk nedover.
Artec Aqua-direktør Ingegjerd Eidsvik forsikrar at dei framleis er eit selskap i vekst.
– Absolutt – og vi har nettopp hatt ei ny runde med tilsettingar, fortel ho til NETT NO.
Per no er selskapet drygt 40 tilsette, og Eidsvik ser ikkje vekk frå at dei treng fleire utover hausten.

Lågare omsetning og lønnsemd

Omsetninga enda på 378 millionar – 75 millionar lågare enn i 2018. Men framleis er det betydeleg høgare enn 2017-omsetninga – som då var ei dobling frå 2016.
– 2019-tala ber preg av at vi er ein prosjektbasert organisasjon og då kan timinga på større prosjekt gi slike utslag i omsetninga, fortel Eidsvik.
Eigenkapitaldelen var ved utløpet av 2019 på solide 29,3 prosent.

Slapp med koronaskrekken

– Dei store konsekvensane av korona har vi faktisk ikkje sett mykje av, fortel ho.

Uttalen viser kor raskt ting snur.
I datert 18. mars, skriv leiinga at dei såg på situasjonen som «force majeure» og at dei jobba tett saman med leiinga i selskapet for å avgrensa «skadeomfang på kort og lang sikt».
– Den første tida var ting kaotisk og lite oversiktleg. Vi har heldigvis fleksible og dyktige entreprenørar med oss, som gjer at vi har løyst utfordringar mellom anna med karantenar. Vi har klart å halde aktiviteten oppe, fortel Eidsvik.

– Verkar ikkje som næringa bremsar

NETT NO har omtala med Salmon Evolution, som totalentreprenør til det store landbaserte oppdrettsanlegget dei har under bygging på Harøya i Hustadvika.
Berre den avtalen har ein verdi av fleire årsomsetningar. Eidsvik har ingen nye oppdrag «i ermet» for augneblinken, men seier dei vurderer fleire.
– Det verkar ikkje som næringa bremsar per i dag. Interessa er normalt og kanskje aukande, fortel ho.

Les også:




Vi har heldigvis fleksible og dyktige entreprenørar som gjer at vi har løyst utfordringar mellom anna med karantenar, og klart å halde aktiviteten oppe

Publisert: 06.08.2020 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00