Slaar saman tre Entec selskap
MEIR EFFEKTIVT: Håvard Haanes som er konsernsjef i Entec Group, trur ei samanslåing vil vere meir effektivt for selskapet. 
Nytt

Slår saman tre Entec-selskap

Tilsette på Kvamsøya, Sjøholt og i Ulsteinvik får felles arbeidsgjevar. 

Marius Rosbach
26.10.2020
Kvamsøy-bedrifta Brimer, Sjøholt-firmaet Servitech og Hareid-selskapet Utbyggingsteknikk fusjonerer, ifølgje to kunngjeringar frå Brønnøysundregistera.
– Vi opplevde at mange kundar hadde varer og tenester frå både Brimer og Servitech, og då blir det enklare slik, seier Håvard Haanes til NETT NO.
Han er konsernsjef i Entec Group, dagleg leiar for Brimer, og styreleiar i Evotec og Servitech.

Held på merkenamna

Dei tre selskapa som fusjonerer høyrer alle innunder paraplyen til Entec Group i Ulsteinvik. Og ideen om ei samanslåing .
– Vi ønsker å ta fusjonen fullt ut og samle verksemda i ein felles organisasjon. Slik vil vi få meir ut av ressursane, i staden for at dei ulike selskapa skal levere til kvarandre, forklarar Haanes.
Merkenamna til både Brimer og Servitech skal halde fram, men Brimer er overtakande selskap og blir arbeidsgjevar for dei tilsette framover. Også to tilsette frå Utbyggingsteknikk på Hareid, som , vil vere Brimer-tilsette framover.

Solid fjorårsresultat

Den samla arbeidsstokken for selskapa har gått opp det siste året. Brimer og Servitech har no drygt 110 tilsette til saman. Evotec som også er med i Entec Group, har om lag 50 tilsette.
Haanes forsikrar at avgjerda om å slå saman selskapa, ikkje er eit grep for å redusere bemanninga.
– Vi har sett at vi kan få meir ut av ressursane våre slik. Vi har lukkast i marknaden dei siste åra og har bygd organisasjonen ut frå det, legg han til.
Årsrekneskapen for Entec Group-selskapa 2019 blei nyleg offentleg. Dei viste for Evotec og Brimer, men eit lite underskot for Servitech.

Les også:





Vekst og betre lønnsemd i Entec-familien

Publisert: 26.10.2020 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03