Skulle gjerne hatt hybrid modellar
REKORD: Kjell Krumsvik i Ørsta Bil fekk rekordresultat i fjor.
Nytt

Skulle gjerne hatt hybrid-modellar

Kjell Krumsvik i Ørsta Bil har auka salet med nesten 40 prosent på tre år. No skulle han gjerne hatt hybrid-bilar å tilby.

23.06.2017
Snart halvvegs inn i 2017 ventar Nissan og Ford-forhandlarane i Ørsta eit sal i år omlag på line med 2016.
Ein ny versjon av el-bilen Nissan Leaf, med større rekkevidde, kjem i butikken til hausten. Det vil bidra til å auke salet, meiner Krumsvik.
Men Krumsvik manglar hybridbildar, bilar som går både på bensin/diesel og batteri. Gunstige avgifter har gjort slike bilar populære, og utan slike modellar går han glipp av den delen av marknaden.

Betre lønsemd

Ørsta Bil har utvikla seg på line med resten av bilbransjen på Nordvestlandet dei siste åra, med auke i bilsalet kombinert med auka lønsemd.
Resutatet før skatt utgjer 2,9 prosent av driftsinntektene, som er det beste resultatet selskapet har hatt, med unntak av første driftsår i 2003.

Ingen oljeeffekt

Oljeprisfallet som mange bilforhandlarar frykta skulle slå ut i salet har ikkje vore noko tema hos kundane, i følgje Krumsvik. Det er mange næringar som går godt, seier han.
Svein Idar Eiksund i Ulstein Bil er den einaste av bilforhandlarane som har lagt fram 2016-tal, som seier han merka at kundane sette seg på gjerde. Det skjedde på slutten av 2016, men gjekk over etter at Ulstein Verft fekk nye kontrater
Les kva NETT NO har skrive om bilforhandlar-resultata 2016 under Relaterte saker.

Publisert: 23.06.2017 15:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11