Skulle byggjast i Kroatia hamnar truleg i Ulsteinvik
NORSK: Kontrakten på bygging av denne nesten 150 meter lange kabelleggjaren går høgst truleg til eit sunnmørsk verft.
Nytt

Skulle byggjast i Kroatia - hamnar truleg i Ulsteinvik

Økonomiske problem ved det kroatiske verftet Uljanik har gjort at Nexans sin nye kabelleggjar høgst truleg vert bygt ved eit sunnmørsk verft.

13.06.2018
Det er ikkje berre norske skipsverft som slit økonomisk. Det gjer også det kroatiske verftet ved byen Pula - eit verft med rundt 1.800 tilsette.
Dette verftet flagga i august i fjor at ein hadde inngått kontrakt på bygging av ein 149,9 meter lang og 31 meter brei kabelleggjar til det franske selskapet Nexans.

Ulstein Verft

Men etter det NETT NO kjenner til starta arbeidet på båten aldri opp ved det kroatiske verftet.
I staden har andre verft vorte kontakta om bygging av det som vert karakterisert som verdas mest avanserte kabelleggjar.
Også norske verft har vorte kontakta, og eitt av verfta som er svært aktuelt til å få overta kontrakten er Ulstein Verft, eit verft som er i ferd med å styrke likviditeten med 300 millionar friske kroner.

Også Kleven og Vard har tidlegare levert kabelleggingsfartøy.

Skipsteknisk-design

Nexan-skipet er designa av Skipsteknisk i Ålesund.
Bjørn-Oscar Kløvning, salssjef offshore ved Skipsteknisk, vil ikkje kommentere NETT NO sine opplysningar.
- Nei, dette er noko Nexans i tilfelle må kommentere.
Kommunikasjonsdirektør Trude Larsan ved Nexans Norway seier at selskapet aldri kommenterer rykter.

Mykje spesialutstyr

Kabelleggjaren skal etter planen vere ferdig i 3. kvartal 2020, slik at det hastar å kome i gang med arbeidet.
Ved flagging av kontrakten opplyste det kroatiske verftet at mykje av utstyret kom til å verte levert frå kroatiske underleverandørar.
No kan desse kontraktane i staden gå til norske selskap.
Skipet vil kunne ha med seg 10.000 tonn høgspentkabel i svingskiva på dekk, men vil i tillegg til høgspentkablar også kunne leggje firberoptiske kablar.
Skipet er designa med høg redundans både i propulsjon og i kabelleggingsutstyret, og skal kunne operere og halde posisjonen sin sjølv under ekstreme vertilhøve.

Kan operere svært djupt

Om bord vil det vere mykje spesialutstur, mellom anna for legging av kablar på meir enn 2000 meter djupne.
Det kroatiske Uljanic-verftet er no overtatt av selskapet Kermas Energija, eigd av den kroatiske forretningsmannen .
Mellom anna har EU-kommisjonen bidrege med eit lån på nærare ein milliard kroner til verftet, men noko bygging for Nexans i denne omgang vert det likevel ikkje.

Publisert: 13.06.2018 13:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23