Skuldar paa GIEK
REIAR: Stig Remøy meiner at GIEK torpederte ei løysing for Olympic-reiarlaget med lokale investorar.
Nytt

Skuldar på GIEK

Stig Remøy meiner GIEK-direktør Wenche Nistad torpederte Olympic Ship si gjeldsløysing med lokale investorar.

22.05.2017
– Vi fekk informasjon om at Wenche Nistad personleg kontakta våre investorar og frårådde dei å gå inn med pengar i Olympic Shipping. Det har eg fått fortalt, seier Remøy til Dagens Næringsliv.
Remøy jobba lenge iherdig for å finne ei løysing for det gjeldstyngde Herøy-selskapet.
I oktober kunne han fortelje at det meste var på plass ved at lokale investorar var klare til å gå inn med tilstrekkeleg lokal kapital.
Men denne løysinga vart det ikkje noko av for heile selskapet, derimot vart selskapet splitta i to.

- Heilt fortvila

Remøy skuldar GIEK (Garanatiinstituttet for eksportkreditt, red merk) for å gå bak ryggen hans.
– Eg var heilt fortvila. Du kan tenke deg kva som gjekk gjennom hovudet mitt, seier Remøy.
Kommunikasjonssjef Allon Groth i Giek seier i ein e-post til DN at dei på grunn av teieplikta ikkje kan kommentere konkrete saker eller påstandar.
- Vi har dessverre erfart i enkelte restruktureringssaker at det vert framnsett urette påstander i media, seier Groth.
Eg var heilt fortvila

Publisert: 22.05.2017 11:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06