Skuffa over Posten
Det hadde difor vore fint om nokon lokale kunne overta og drive avisa vidare Foto: Sykkylvsbladet
Nytt

Skuffa over Posten

Sykkylvsbladet gjekk på ein liten smell i fjor, men redaktør Frank Kjøde er mest uroleg for postomberinga.

23.04.2019
- Ja, vi har ein sunn økonomi, vi har 4,3 millionar kroner på bok, og det var ekstraordinære kostnader som var årsak til at vi i fjor fekk eit minusresultat.
Sykkylvsbladet har knappe 3.000 abonnentar, og kjem ut onsdagar og fredagar.

- Ei stor utfordring

Men no vil Posten slutte med avisombering dagleg, og foreslår at ein frå 2023 berre vil dele ut aviser måndag, onsdag og fredag den eine veka, og tysdag og torsdag den neste.
- Det er klart at ei ordning med avisombering 2,5 dag i veka, og på ulike dagar kvar veke, vert ei stor utfordring for oss.
- Dette er skuffande av Posten, seier Kjøde.

Klar for nye eigarar

Han har vore redaktør i lokalavisa sidan 1981, og eig 60 prosent av selskapet.
40 prosent er eigd av marknadssjef Åge Eikrem.
- Neste år vert Åge 70 år, og eg er sjølv 66 år.
- Det finst ei grense for kor lenge vi kan halde det gåande, og den grensa nærmar seg, seier Kjøde.
Han seier at ein er open for å sjå på andre løysingar, inkludert sal.
- Ja, men det er truleg ikkje så mange som er interesserte i ei lita lokalavis, slik medieutviklinga går.
- Det hadde difor vore fint om nokon lokale kunne overta og drive avisa vidare.

Vil ha meir støtte til lokalavisene

Sykkylvsbladet tilbyr no e-avis, men Kjøde trur at mange lokalaviser vil slite med opplaga framover.
- Dette kjem blant anna av at tilgangen av nye lesarar i mange bygdesamfunn er liten, også her i Sykkylven.
Derimot synst Kjøde at mediemeldinga frå regjeringa kom med positive signal, spesielt om dreiing av meir av pressestøtten frå riksdekkande meiningsberande aviser og over til lokalaviser.
- Slik det har vore hittil, har nokre få aviser i Oslo stukke av med mesteparten av støtten. Om vi skal halde liv i dei over 100 lokalavisene i Norge, er det viktig at meir av støtten går den vegen.
Han kan også glede seg over at Sykkylvsbladet auka inntektene i fjor, frå 7,1 millionar kroner i 2017 til 7,4 millionar i fjor.
- I år skal vi på nytt levere plusstal, lovar Kjøde.

Publisert: 23.04.2019 10:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34