Skriv ned flaaten med 850 millionar
NI MILLIARDER: Solstad Offshore-leiinga (biletet) har blitt pålagt av Finanstilsynet å vurdere verdien av flåten. Det resultert i ei nedskriving på 850 millioner kroner i reknskapen for tredje kvartal 2018.
Nytt

Skriv ned flåten med 850 millionar

Solstad Offshore skriv ned verdien av flåten med 850 millionar kroner og åtvarar om ytterlegare nedskrivingar.

24.01.2019
Det er pålegg frå Finanstilsynet som ligg bak nedskrivinga. Tilsynet meinte utviklinga i fjor gjorde at selskapet burde fått vurdert flåteverdien i rekneskapen for tredje kvartal, med tanke på ei eventuell nedskriving.

Den jobben har Solstad no fått gjort og resultatet er ein nedskriving av flåteverdien på 850 millionar kroner, og ei tilsvarande endring av rekneskapen for tredje kvartal 2018.
Selskapet skriv og i børsmeldinga at utviklinga i marknaden, med ein opptur som ikkje har kome så tidleg som forventa og eit oljeprisfall i fjerde kvartal gjer at det kan bli ytterlegare nedskrivingar, som kan sette den bokførte eigenkapitalen i fare.

Solstad Offshore starta i fjor samtalar med kreditorane om ei ny refinansiering av selskapet og har fått dei med på å utsette betaling av renter og avdrag, men forhandlar framleis om ei meir langsiktig løysing.

Publisert: 24.01.2019 09:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30