Skjenkestoppen held fram
KORONAFORKLARING: Statsminister Erna Solberg har ein lengre orientering om handtering av koronapandemien i Stortinget måndag. 
Nytt

Skjenkestoppen held fram

Men grensene blir ikkje stengt. Sjå direktesending frå regjeringa si orientering i Stortinget.

Administrator
18.01.2021
Statsminister Erna Solberg og helse- og omsorgsminister Bent Høie gjer greie for handteringa av koronapandemien i Stortinget måndag.

Her kom det fram at regjeringa vil halde fram nasjonale smitteverntiltak, men med nokre nedjusteringar.
– I hovudsak hald vi fram tiltaka som blei innført frå årsskiftet, fortalde Solberg.
Det betyr at mellom anna at den nasjonale skjenkestoppen blir vidareført. Ei ny vurdering kring dette, blir gjort neste veke.
Folkehelseinstituttet anbefalte å fjerne forbodet som har råka mange restaurant- og serveringsbedrifter hardt. Helsedirektoratet meinte at smittesituasjonen tilseier at forbodet bør vidareførast.

Nedjusterer for barn og unge

Etter at orienteringa er ferdig stiller statsministeren til pressekonferanse kring klokka 14. Helse- og omsorgsminister Bent Høie, direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog og direktør ved Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg, vil òg vere til stades på pressekonferansen.

Dei fleste av tiltaka som blir nedjustert, gjeld barn og unge. Mellom anna vil ein gå frå raudt til gult nivå i ungdomsskule og vidaregående skuler. Frå onsdag kan barn og unge under 20 år også trene som normalt både innandørs og utandørs.
Les om dei nye tiltaka og (ekstern lenke)

Ikkje stengte grenser

Dei siste dagane har det vore eit aukande krav om å stenge grensene for å hindre importsmitte. Det er ikkje regjeringa samde i.
– Når vi skal avgrense kor mange som kjem inn til landet vårt, må ulike omsyn vegast mot kvarandre. Det er krevjande å finne den riktige balansen, sa Solberg.
Statsministeren viste både til vinterfiske i nord og verftsnæringa langs kysten, som eksempel der heile lokalsamfunn er avhengige av utanlandsk arbeidskraft.
– Mange arbeidsplassar ville gått tapt dersom vi skulle stengt grensene heilt, påpeika statsministeren.
Spesielt ved fleire verft på Nordvestlandet har ein rekke arbeidarar testa positivt for korona dei siste vekene. Til no er det ikkje kjent at det har kome smitte frå tilsette ved desse bedriftene, og ut i lokalsamfunna.

Helsedirektoratet vil vurdere å stenge

Helsedirektoratet meiner det framleis er utfordringar knytt til kor effektivt grensetiltaka verkar, og at det bør vurderast meir inngripande tiltak dersom dagens tiltak ikkje er effektive nok.
– Slike tiltak kan vere å nekte innreise for personar som har fast tilhald i land med svært høge smittetal i ein kortare periode, heiter det i tilrådinga.
– Sjølv om tiltaket kan belaste delar av næringslivet som er avhengig av utanlandsk arbeidskraft, vil det på sikt kunne gjere mogleg at dei generelle tiltaka som gjeld befolkninga kan lempast noko på, heiter det vidare.

Kan bli tiltak til over sommaren

Vi må vere førebudde på svært langvarige restriksjonar viss koronasmitten ikkje blir slått kraftig tilbake, åtvarar statsministeren.
– Folk må førebu seg på å leve med ulike grader av smitte og smitteverntiltak fram mot sommaren, kanskje endå lengre, sa statsminister Erna Solberg (H) då ho orienterte Stortinget.
– Vi vil derfor gjere det som er nødvendig for å halde kontroll på smitten, sa ho og understreka at smitteverntiltaka ikkje vil vere strengare enn dei må vere og at dei vil bli trappa ned så snart det er forsvarleg.

Les også:





Publisert: 18.01.2021 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:12