Nett.no Logo
Mega menyMega meny

BLI ABONNENT PÅ NETT NO

Hold deg oppdatert på alt som rører seg i næringslivet på Nordvestlandet!

Med abonnement hos oss får du tilgong til NETT NO på alle digitale plattformer. 

Eit månadsabonnement mot betalingskort kostar kr. 129,- 
Eit årsabonnement mot faktura kostar kr. 1.399,- 

Kontakt Magnus på tlf 95247209 / magnus@nett.no for eit godt tilbud på fleire abonnement til di bedrift. 

129,- pr. mnd.
- Skipstunnelen vert også ein laks- og sjømattunnel

OSLO: Regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi meiner at Stad skipstunnel er avgjerande for å flytte meir av sjøtransporten frå veg til sjø.

- Skipstunnelen vert også ein laks- og sjømattunnel

Regiondirektør Asgeir Hasund i Mowi er sikker på at nytteeffekten av Stad skipstunnel er langt større enn det som er lagt til grunn.

- Stad skipstunnel betyr enorme mulegheiter for kysten og Norge.

TUNNELMØTE: Rundt 45 på frukostmøte i Oslo om Stad skipstunnel, inkludert rundt 15 frå Stortinget.

- Ringverknadene vert mykje større enn det dei fleste er klare over.

Det sa Hasund under eit frukostmøte om skipstunnelen i Oslo onsdag.

2,7 milliardar
Bakgrunnen for møtet er at det er avsett null kroner i oppstartsmidlar til prosjektet på statsbudsjettet for 2020. No håper styringsgruppa at ein i alle fall skal få sju millionar kroner i planleggingsmidlar neste år, og deretter oppstartsmidlar i 2021.

Prosjektet er no kostnadsrekna til rundt 2,7 milliardar kroner, og er fullfinansiert innanfor rammene i Nasjonal transportplan.

Asgeir Hasund meiner at det hastar å kome i gang.

- Vi kan ikkje fylle opp Gudbrandsdalen med trailerar for å få unna den store veksten som kjem i transport av sjømat.

- Vi treng Stad skipstunnel som ei trygg og effektiv transportåre for å sikre at meir av transporten skjer på kjøl.

Ligg ofte vêrfaste
Hasund viste til at Mowi sine båtar ofte ligg vêrfaste sør og nord for Stad.

- Dette taper vi på, i tillegg til at det heller ikkje er bra for fisken.

Han viste til at Mowi brukar ei lang typer fartøy som i dag må runde Stad.

- Det er snakk om fôrbåtar, servicefartøy, brønnbåtar, bløggebåtar, slaktebåtar og i tillegg slep av utstyr.

Hasund viste til at alle desse fartøya vil kunne gå tunnelen.

- Stad skipstunnel er også ein laks- og sjømattunnel.

Nye fartøytyper
Han meinte at ei realisering av prosjektet også ville føre til nye og betre logistikkløysingar.

- Stad skipstunnel vil føre til nye fartøytyper.

- Dette vil kunne vere nullutsleppsfartøy som kan gå den indre farleia, og dermed føre til at berekrafta aukar og fotavtrykket vert redusert.

Siste artikler

Har fått oppdrag i Midt-austen

Seismikkselskapet Axxis Geo Solutions hadde lave inntekter i tredje kvartal, men forventar stabil inntening frå eit nytt oppdrag i Midt-austen.

- Ein heilt fantastisk båt

Nye Geir er tre månader forseinka frå Polen, men reiar Kjetil Holmeset tar det ikkje så tungt.

Pris for bedriftsutvikling til Sunnmørsmat

Egg- og kjøtprodusenten på Haramsøya reiste seg etter dramatisk gardsbrann. Sidan har dei levert i pluss kvart år – og no er dei heidra med pris.

Havarikommisjonen: Var berre ei skipslengde frå å grunnstøyte

 Viking Sky  fekk 18 alarmar om lågt oljenivå før nestenforliset. 

Kjøper seg opp i Maritech

Investeringselskapet Broodstock Capital i Molde eig no 98 prosent i programvareselskapet Maritech System. Har investert for rundt ein halv milliard kroner i sjømatsektoren og skal investere omlag like mykje framover.

Vil gå vidare med grunnkjøp og arkeologi

Med fem millionar til Stad skipstunnel, kan arbeidet med arkeologiske utgravingar og grunnkjøp truleg starte.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.