Skipstunnel kjem ingen tvil om det
VANYLSKONFERANSEN: Jon Georg Dale slår fast at Stad skipstunnel vert bygt, sjølv om det vert regjeringsskifte. Her saman med tunnelforkjemparane Jan Helgøy og Randi Paulsen Humborstad.
Nytt

- Skipstunnel kjem, ingen tvil om det

Han kom med ingen nye gåvepakkar, men slår fast at Stad skipstunnel vert bygt.

31.08.2017
- Det er det ingen tvil om, slo landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) under Vanylvskonferansen på Fiskå torsdag.
Det var dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad i Nordfjord Vekst som utfordra ministeren.
- Eg hadde håpt og trudd at du i dag ville kome med lovnader om pengar til KS2 (kvalitetssikring, red merk), sa Humborstad.
Dale svara at dersom han kom med slike lovnader alt no, ville salen miste eit argument for å velje på han til nytt til Stortinget.
- Men skipstunnelen ligg fast.
- Eg trur heller ikkje at eit regjeringsskifte vil endre dette, sa Dale.

- Treng betre kommunikasjonar

Regiondirektør Asgeir Hasund i Marine Harvest Vest etterlyste også Stad Skipstunnel.
I regionen har Marine Harvest 68 konsesjonar, har 469 tilsette og produserer årleg rundt 90.000 tonn med laks.
- Vi er heilt avhengige av betre kommunikasjonar.
- I tillegg treng vi meir areal, sa Hasund.
Han viste til at lenge var Møre og Romsdal i front på oppdrett.
- No fossar Nordland og Trøndelag forbi oss.

Rovdefjordbrua

Hasund bur sjølv på Åheim, og slo eit slag også for Rovdefjordbrua.
- Denne brua er viktig for å knyte søre Sunnmøre saman.
- For meg vil det også føre til at eg slepp å stå opp klokka halv fire for å nå morgonflyet på Vigra.
For Stad skipstunnel er det gjennomført Konseptvalutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring av to alternativ – liten og stor tunnel.
Prosjektet er planlagd vidare med utgangspunkt i stor tunnel. Tunnelen blir 1700 meter lang, 50 meter frå botn til tunneltak og 36 meter brei.
Vidare skal prosjektet gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), før den skal handsamast i Stortinget.
Tunnelen er planlagd utbygd gjennom Stad-halvøya, mellom inst i Moldefjorden og Kjødepollen i Vanylvsfjorden, sør i Selje kommune.
Prosjektet er berekna å koste om lag 2,7 milliardar kroner og er venta å ta 3-4 år å ferdigstille.
Eg trur heller ikkje at eit regjeringsskifte vil endre dette

Publisert: 31.08.2017 11:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13