Skipsteknisk med nytt russaroppdrag
BYGGAST I TYRKIA: Frysetrålaren blir 90,6 meter lang og 18 meter brei med plass til 11 personar om bord.
Nytt

Skipsteknisk med nytt russaroppdrag

Skal teikne 90 meter lang trålar som skal byggjast i Tyrkia.

Marius Rosbach
27.11.2020
Skipsteknisk har fått oppdraget med å teikne ein frysetrålar for russiske Pacific Fishery Company.
Fartøyet skal byggjast ved Tersan-verftet i Tyrkia og planlagt levering er i midten av 2023, opplyser Skipsteknisk i ei pressemelding fredag.

Første frå Magadan-reiarlag

Designselskapet i Ålesund har hatt ein rekke oppdrag frå den russiske fiskeflåten dei siste åra.
Dei opplyser at dette er første gongen eit av dei Magadan-baserte reiarlaga aust i Russland har tinga eit slik supermoderne pelagisk fartøy.
Fartøyet er 90,6 meter langt og 18 meter breitt med plass til 111 personar om bord, og i tillegg eit skipssjukehus.

Kan fryse 250 tonn dagleg

Trålaren skal fiske under russisk flagg og vil vere isforsterka for å segle i røffe farvatn. Fartøyet blir utrusta for å fiske alaskatorsk i Okhotskhavet, og sild, makrell og pollock i Stillehavet.
Om bord blir det installert eit konsept kalla «Deepchill» for å kjøle ned fisken ved hjelp av flytande is, blir det opplyst i pressemeldinga.
Ved fabrikken om bord blir det mellom anna lagt til rette for produksjon av filet og sløyd fisk, og trålaren vil ha ein frysekapasitet på 250 tonn dagleg. Restråstoffet vil i hovudsak bli nytta til å lage fiskemel- og olje.

Les også:




Publisert: 27.11.2020 12:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:06