Skipsmeklar Holstad hjelper baade verft og reiarar
HAREID: Arve Holstad har gått frå å vere salssjef på Kleven til å verte skipsmeklar for MIL Shipping. 
Nytt

Skipsmeklar Holstad hjelper både verft og reiarar

Han håper å bidra til at sin gamle arbeidsgivar Kleven får nye oppdrag, men har no også fokus på oppdrag i Tyrkia, Polen, Spania og Kina.

13.09.2019
- Det er svært stor aktivitet for tida, og vi håper sjølvsagt at ein del oppdrag går til norske verft. Blant anna hamna «Arctic Offshore Farming» som vert bygt for Norway Royal Salmon på Fosen Yard etter ein internasjonal tilbodskonkurranse.
- Det hadde vore ekstra hyggjeleg om Kleven også kom i ein posisjon som gjorde at det vart bygt nye skip der. Eg har ein god dialog med leiinga.

- Utruleg mykje spennande

Det seier Arve Holstad frå Hareid, som etter 30 år som salssjef ved Kleven Verft no er tilsett som skipsmeklar ved MIL Shipping, eit Oslo-basert selskap som er eit joint venture med Fearnley Offshore Supply.
- Vi har folk i Oslo, Istanbul og på Hareid, så vi er godt dekte, seier Holstad, som har kontor i Sparebanken Møre sine lokale på Hareid.
- Det er ein perfekt stad å vere ettersom det skjer utruleg mykje spennande i denne regionen, ikkje minst innanfor fiskeri, brønnbåtar og havbruk.
Holstad starta i juli, og har allereie hatt ein finger eller to med i fleire prosjekt, blant anna bygging av nye linebåtar ved Tersan-verftet i Tyrkia.

Havila Kystruten

MIL Shipping var også verftsmeklar for Havila Kystruten.
- Vi var involverte i at to av skipa skal byggjast ved Tersan, medan vi ikkje var involverte i at to skulle byggjast ved spanske Barreras.
Holstad seier at skipsmeklarane gjerne er tidleg inne i tenderprosesane, og er med å indentifisere mulege verft, og til slutt å tilrå verft.
Han seier at det slett ikkje berre er pris som er avgjerande.
- Slik situasjonen no er for mange verft, ser vi også grundig på den økonomiske situasjonen og kva for nokre verft som er i stand til å levere både i forhold til pris, kvalitet og tid.

Nye prosjekt

MIL Shipping er også inne og tilrår skrogverft.
- Her er det i første omgang Polen og Tyrkia som er interessante for norske verft.
- Vi var blant anna involvert i skrogprosjekt for Myklebust Verft i forbindelse med bygging av brønnbåtskrog på Hat-San i Tyrkia.
- Eit anna skrogprosjekt er nettopp signert, men prosjektet er ennå ikkje offentleggjort.
I tillegg er Holstad og MIL Shipping involverte i bygging av dei store Havfarmene for Nordlaks, havfarmar som er opp i 380 meter lange.
- Oppdrag med denne typen størrelse endar gjerne i Kina, seier Holstad.

Sirkushest

Han seier at han stortrivst i den nye jobben.
- Det er litt som sirkushesten som er tilbake i manesjen. Her treff eg att mange av dei aktørane eg har hatt med å gjere som salssjef på Kleven.
- Og ekstra kjekt er det når oppdrag vi arbeider med kan hamne på norske verft. Eg håper at eg kan vere med på å bidra til at det skjer.
 Eit anna skrogprosjekt er nettopp signert, men prosjektet er ennå ikkje offentleggjort

Publisert: 13.09.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39