Skipsbyggingsbransjen er delt i to
PÅ TOPP: Rangert etter lønsemd ligg reparasjon og vedlikehaldsverftet Vegsund Slip på topp, med eit resultat før skatt i prosent av driftsinntektene på 14,5 prosent i 2019. Dei store tapa er det dei store verft-selskapa som står for, med Vard sitt minus på nesten to milliardar kroner som det største.
Nytt

Skipsbyggingsbransjen er delt i to

Norske skipsverft går i pluss - når dei store verfta ikkje blir rekna med. Verfta har lågaste ordreinngang sidan 2009.

16.10.2020

Til saman 2,5 milliardar kroner i minus for Vard Group, Ulstein Verft og Havyard Ship Technology gjer at norsk skipsbyggingsbransje for femte år på rad går med underskot.

Men det er ein bransje som er delt i to, der dei mindre og mellomstore verfta samla sett går i pluss har gjort det best sidan 2014.

Slik var det også i 2019, som det går fram av tabellen i denne artikkelen.

Verste år sidan 2009

Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri si oversikt viser ein ordrereserve på 30,2 milliardar kroner fordelt på 37 fartøy pr. midten av august og ein ordreinngang på 5,1 milliardar kroner så langt i 2020. Utan nye ordrar blir 2020 året med den lågaste ordreinngangen sidan 2009.

Norsk Industri registrert alle skip over 40 meter i sin statistikk.

Sals- og marknadsføringsorgansisasjonen Norske Skipsverft registrerer berre ordrar over 50 millionar kroner i sin statistikk, men tendensen er den same der - ordreinngangen hittil i år er berre på 3,3 milliardar kroner, fordelt på 15 fartøy.


- Vi ligg langt etter normalen, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft.

Konkurs

Tidlegare i år blei Kleven Verft as slått konkurs, etter at bankane tapte tilliten til det kroatiske eigarselskapet DIV Group og ikkje ville vere med å finansiere vidare drift.


DIV Group-eigar Tomislav Debeljak kom inn som eigar i Kleven Verft etter ei omorganisering, der eit nytt selskapet vart oppretta for å drive skipsbygginga vidare, medan gamle forpliktingar vart liggande att i selskapet som idag heiter Kleven Prosjekt 401.

Det selskapet er i gjeldsforhandlingar. 2019-reknskapen er ikkje offentleg enno og NETT NO har ikkje lukkast i å få svar frå styreleiar Torleif Erntsen i Kleven Prosjekt 401 om det blir levert reknskap for 2019. Erntsen er finansdirektør i Hurtigruten ASA, som eig selskapet.

Italienske pengar

Vard Group har halde det gåande takka vere milliardlån frå sin italienske eigar, Fincantieri. Så langt i 2020 har selskapet meldt om betring i resultatet etter nok eit blytungt år i 2019.


Også Ulstein Group-konsernet håpar på pluss i år, og då må resultatet for Ulstein Verft i alle fall bli vesentleg betre enn i fjor.


Havyard-konsernet skilde ut skipsbygginga si i eitt nytt selskap, New Havyard Ship Technology, for å fullføre pågåande oppdrag og vidareføre verftsaktiviteten. Det "gamle" Havyard Ship Technology er i offentlege gjeldsforhandlingar.

Støtte til bygging i utlandet

Administrerande direktør Asle B. Strønen meiner norske styresmakter fører ein politikk som stimulerer norske reiarar til å bygge i utlandet. Det er ein poltikk som Norske Skipsverft mobiliserer for å få endra.

- Vi kan ikkje lenger sitte stille i båten og sjå på at den ellers så gode staten vår skreddarsyr ordningar som er til ugunst for for norsk skipsbyggingsindustri, seier han.

Det Strønen siktar til er støtte frå offentlege institusjonar som Enova, Innovasjon Norge, Eksportkreditt og GIEK, mellom anna for å bygge skip som forureinar mindre. Det er støtte som norske reiarar får også om dei tingar skip hos utanlandske verft. Norske Skipsverft vil at støtten skal bli gitt på vilkår av at skipa blir bygde i Noreg og meiner det er eit krav som ikkje vil vere i strid med internasjonalt regelverk.

- Det er ingen stadar det står at dette ikkje er lov, seier Strønen.

Publisert: 16.10.2020 10:55

Sist oppdatert: 14.05.2021 10:23