Skip til 1 2 milliardar kroner
1,2 MILLIARDAR: Første diamantutvinningsskip (dataanimert bilete) kosta over 1,2 milliardar kroner i følgje kjøparen, gruveselskapet De Beers. Skip nummer to blir over 60 meter lenger.
Nytt

Skip til 1,2 milliardar kroner

Førre skip De Beers kjøpte hos Kleven kosta 1,2 milliardar kroner.

20.11.2017
"SS Nujoma" blei overlevert i fjor og leitar etter diamantar på havbotnen utanfor Namibia.
Prislappen på fartyet var 157 millionar dollar .
157 millonar dollar tilsvarar over 1,2 milliardar kroner etter kursen som var då kontrakten blei inngått våren 2015.

Større skip

"SS Nukoma er 113 meter langt. Skipet som Kleven og De Beers offentleggjorde intensjonsavtale om i dag skal bli 175 meter langt. Det blir det lengste skipet Kleven har bygd.
Kleven og De Beers har ikkje offentlegjort kva de nye skipet vil koste, men prisen på det førre indikere at prislappen på det nye passerer 1,5 milliardar kroner med god margin (NETT NO sitt anslag).

Mykje utstyr

Prisen på det førre fartyet omfatta også utstyret for å kunne finne og ta opp diamantar frå havboten. De Beers oppgir berre heile investeringsbeløpet, ikkje fordelt på høvesvis og skip/skipsutstyr og gruvedriftutstyret.
Skipsdesignselskapet Marin Teknikk teikna det første skipet, og skal også teikne det nye.

Publisert: 20.11.2017 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16