Skip for 9 7 milliardar
MILLIARDSKIP: Det kombinerte forsking og ekspedisjonsskipet Vard skal bygge for eit selskap kontrollert av Kjell Inge Røkke og hans familie har truleg ein prislapp som passerer milliarden med god margin. 
Nytt

Skip for 9,7 milliardar

Norske skipsverft har signert kontraktar for 9,7 milliardar kroner hittil i år. Små og mellomstore verft er vinnarane.

05.09.2017
Kontraktane fordeler seg på 29 skip, med fiskebåtar og ferjer i spissen. Vard har fått tre, Ulstein ein, og resten er fordelt på mindre og mellomstore verft viser ei fersk oversikt frå bransje- og marknadsføringsorganisajonen Norske Skipsverft.
På same tid i fjor var det skrive kontraktar for 10,6 milliardar kroner, fordelt på 18 farty.
Administerande direktør Asle Strønen meiner ordreinngangen er i minste laget.
- Vi er noko bekymra for aktivtetsnivået på verfta. Vi konstanterer at det tek tid å få nye ordrar på plass, seier Strønen.

Fryktar gjerdesitting

Strønen understrekar at bransjen er svært nøgd med at regjeringa vil gi norske reiarar som byggjer i Noreg tilgang til dei attraktive finansieringsordningane som Eksportkredittt tilbyr og som Garantiinstituttet garanterer for.

- Det forslaget er mottatt med stor glede. Næringa noterer seg at regjeringa klarer å drive aktiv maritim industripolitikk, seier Strønen.
Faren er imidlertid at varselet om regelendringar gjer at norske reiarar av alt frå fiskebåtar og ferjer til brønnbåtar og transportskip set bestillingar av nybygg på vent til den nye ordninga er formelt på plass. Då blir det ei pause i bestillingane av nye skip som verft helt vil unngå.
- Vi håpar at verkemiddelapparatet opnar for å kontrahere med forbehold, seier Strønen.

Ingen offshoreskip

Ordrelista så langt er blotta for offshorefarty til oljebransjen.
Åtte fiskefarty og like mange ferjer er bestilt, fire brønnbåtar, tre passasjerfarty, tre arbeidsbåtar, eitt serviceskip for offshore vindkraftproduksjon, eitt ekspedisjonfarty og eitt krillfarty. I dei to siste er Kjell Inge Røkke involvert.


Meir på veg

Strønen trur fleire kontraktar vil falle på plass i løpet av hausten.
- Det er kontraktar som er diskutert gjennom våren og sommaren som ikkje har funne si avslutning enno. Vi veit at det er nye ordrar på gang, seier han.

Sårt punkt

Kleven arbeider no på spreng for å få på plass ei refinansiering av verftskonsernet, med mellom anna ny eigenkapital inn.

Kleven-konsernet har hatt store tap dei siste åra, mellom anna på ein offshorebåt til ei reiarlag i Malaysia som aldri tok over båten. Kleven er ikkje åleine om å ha hamna i denne situasjonen, og Strønen anslår at det pr. i dag ligg 7-8 skip ved norske verft der reiaren ikkje vil ta over. I tillegg kjem skip der situasjonen er uavklart.
- Det er framleis eit litt sårt element i verftssituasjonen, seier Strønen.
Det er kontraktar som er diskutert gjennom våren og sommaren som ikkje har funne si avslutning enno. Vi veit at det er nye ordrar på gang

Publisert: 05.09.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13