Skifte i leiinga paa Ulstein verft
MYKJE ARBEID: Lars Lühr Olsen  (innfelt) skal leie eit verft som har fullt opp med arbeid framover. 
Nytt

Skifte i leiinga på Ulstein verft

Resultat og utvikling ved verftet har «over tid ikkje vore tilfredsstillande», meiner Ulstein-leiinga. 

Marius Rosbach
23.05.2019
Lars Lühr Olsen er tilsett som ny administrerande direktør i Ulstein Verft, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding torsdag.
Han kjem frå stillinga som innkjøpsdirektør i konsernet og tek over etter Kristian Sætre som har vore administrerande direktør i Ulstein Verft i seks år.
Lars Lühr Olsen har tidlegare vore viseadministrerande direktør ved Ulstein Verft og leia shippingaktiviteten i konsernet. Han har over 20 års fartstid i Ulstein og har bakgrunn som siviløkonom og maskinist.

– Ikkje tilfredsstillande

Organisasjons- og kommunikasjonsdirektør Lene Trude Solheim i Ulstein Group opplyser at Kristian Sætre bad om å få gå frå stillinga som verftsdirektør.
Ulstein-leiinga gir uttrykk for at dei ikkje har vore nøgd med situasjonen dei siste åra.
– Utviklinga og resultat på prosjekt ved Ulstein Verft, har over tid ikkje vore tilfredsstillande. Fokuset framover blir å snu den negative utviklinga og gjennomføre prosjekt med lønsemd, opplyser Solheim til NETT NO.

– Krevjande år

Kristian Sætre tok over verftet kring då nedturen i offshore starta. I løpet av kort tid kollapsa marknaden og verftet gjekk på store tap. Det siste året har verftet igjen hatt meir å gjere.
– Det har vore seks krevjande år i bransjen med ei omstilling frå offshore til nye segment. Også har det vore seks interessante og lærerike år for meg. Utover det har eg ikkje nokon kommentar, seier Sætre til NETT NO.
Per no vil han ikkje seie kva han skal gjere vidare, men at han «har sine tankar».

Ny direktør vil danne si oppfatning

Då NETT NO omtala drifta i vinter hadde dei og for ein månad sidan fortalde konsernet om eit med levering av vindskip, mottak av nytt cruiseskrog og snart levering av hybridferja til Color Line.
Nytilsette Lars Lühr Olsen kjem frå Rælingen på Romerike, men har langt fartstid i Ulstein-konsernet. Han seier han ser fram til å gå «all in» i direktørstillinga.
– Eg skal konsentrere meg om alle dei fine og flotte prosjekta vi på Ulstein skal levere framover. No skal eg få ei oversikt saman med resten av leiinga og dei som jobbar på prosjekta, og danne meg mi oppfatning av kva vi bør gjere, seier Lühr Larsen til NETT NO.
Les meir:


Utviklinga og resultat på prosjekt ved Ulstein Verft, har over tid ikkje vore tilfredsstillande

Publisert: 23.05.2019 18:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35