Skaut inn over 300 millionar i krillsatsing
KOSTBART: Pengane frå Stig Remøys selskap Olympic Holding og Stig Invest var avgjerande for å utvikle og drive Emerald Fisheries, i følgje advokat Dina Brasks innleiingsforedrag.
Nytt

Skaut inn over 300 millionar i krillsatsing

Stig Remøys selskap Olympic Holding skaut inn over 300 millionar kroner i ny eigenkapital i Emerald Fisheries i løpet av åra 2007-2012.

11.12.2018
Olympic Holdings satsing på Emerald Fisheries var avgjerande for å utvikle og halde selskapet i drift, i følgje innleiingsforedraget til advokat Dina Brask i retten i dag.
Brask, frå advokatfirmaet Wiersholm, gikk mellom anna gjennom historikken til Emerald Fisheries frå Stig Remøy kom inn i krillsatsing.
Det skjedde då dåverande Olympic Holding og Stig Invest blei 40 prosent medeigar i Emerald Fisheries sommaren 2007. Olympic Holding skaut inn 38,5 millionar kroner gjennom ein emisjon og at Stig Invest kjøpte aksjar frå Ervik Marine Services for 5,5 millionar kroner.
Etterkvart blei det mykje meir.
- Verksemda her skulle bli vesentleg meir kaptialkrevande en ein hadde trudd, sa Brask.

Strid om teknologi

Aker Biomarine og Rimfrost/Rimfrost Technologies møtes i retten for å avgjere kven som har retten til krillteknologien ombord i trålaren Juvel.
Aker Biomarine kjøpte Juvel etter at krillselskapet Emerald Fisheries gjekk konkurs i februar 2017, men Rimfrost meiner retten til teknologien ombord ligg i Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies.

Minimalt frå andre eigarar

Frå Olympic Holding kom inn på eigarsida og til og med 2012 bidro selskapet i alt med 301,7 millionar kroner i eigenkapital til Emerald Fisheries, i følgje Brask sitt innleiingsforedrag, blant anna ved gjeldskonverteringar.
- Byrdene skulle vise seg å falle på Olympic, sa Brask.
Dei øvrige eigarane, Ervik Marine Services, Frode Igland as, Støylebakken as og Fagerlia Invest as, bidro med 3,5 millionar kroner.
Etter kapitalutvidingane hadde Stig Remøys selskap over 90 prosent av aksjane og minoritetseigarane kravde å bli løyst ut.

Publisert: 11.12.2018 10:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29