Skattefordel til Salmon Evolution
IKKJE EKSTRASKATT I FØRSTE OMGANG: Salmon Evolution-sjef Odd Tore Finnøy har tidlegare sagt at målet er å starte kapitalinnhenting til første byggesteg etter årskiftet. Framlegget til auka skatt for oppdrettsnæringa vil i første omgang ikkje ramme landbaserte anlegg. 
Nytt

Skattefordel til Salmon Evolution

Det landbaserte oppdrettsanlegget i Fræna vil i første omgang sleppe ekstraskatten som eit utval vil pålegge oppdrettsnæringa som driv i sjøen. Med dagens prisar utgjer det ein skattefordel rundt 210 millionar kroner.

04.11.2019
Fleirtalet i eit utval som er oppnemd av Finansdepartementet går inn for å skattlegge sjøbasert oppdrett hardare. Grunnen er bruk av fellesareal langs kysten kombinert med høg lønsemd i næringa.
I tillegg til den ordinære selskapsskatten på 23 prosent skal oppdrettsnæringa betale 40 prosent ekstra skatt. Utvalet si vurdering er at det vil gi ekstra skatteinntekter på sju milliardar kroner.

Ikkje på land

I Fræna er selskapet Salmon Evolution i gang med å planlegge eit oppdrettsanlegg på land, med ein prislapp på rundt tre milliardar kroner fullt utbygd. Slike anlegg er det ikkje foreslått skatteauke for. Anlegget får ein produksjonskapasitet på 30.000 tonn sløyd laks i året.
Selskapet har ei rekkje investorar frå Nordvestlandet og vil drette opp laks frå rogn til slakteklar fisk i tankar på land.

Sidan det er eit landbasert anlegg vil Salmon Evolution sleppe denne ekstraskatten.

210 millionar ekstra

Basert på at utvalet meiner ein ekstra skatt vil sju milliardar kroner i skatteinntekter utgjer ekstraskatten som utvalsfleirtalet foreslår cirka sju kroner ekstra i skatt pr. kilo fisk, med dagens laksepris og produksjonskostnadar.
For konkurrentane med ein tilsvarande produksjon som Salmon Evolution skal ha når anlegget er fullt utbygd betyr det cirka 210 millionar kroner i ekstra skatt.
Salmon Evolution arbeider med ein investeringskalkyle for første byggetrinn og planlegg å ta stilling til kapitalinnhenting og byggestart etter årsskiftet.

Ikkje trygg

Om ekstraskatten blir innført kan ikkje Salmon Evolution vere trygg på å sleppe unna i all tid.
Utvalet vil også vurdere å pålegge landbaserte anlegg ein ekstraskatt:
"Dersom matfiskproduksjon i landbaserte anlegg i fremtiden blir kommersielt lønnsom, kan det vurderes nærmere om en grunnrenteskatt skal utvides til også å omfatte slik produksjon," heiter det i utgreiinga.

Publisert: 04.11.2019 17:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43