Skal ta opp olje for ti dollar fatet
LØNSAMT: Troll-feltet får forlenga levetid til etter 2050, etter at utbygginga av fase 3 er godkjent, her frå Troll B-plattforma.
Nytt

Skal ta opp olje for ti dollar fatet

No skal det investerast nye 7,8 milliardar kroner på det som eit historisk lønsamt olje- og gassfelt.

07.12.2018
Olje- og energidepartementet har godkjent plan for utbygging og drift (PUD) av tredje fase i Troll-utviklinga. Investeringar på 7,8 milliarder kroner vil bidra til å forlenge levetida på Troll-feltet til ut over 2050.
Det opplyser Equinor i ei pressemelding fredag.

1400 milliardar kroner

Selskapet skriv at Troll er eit unikt olje- og gassfelt i verda og er svært viktig for verdiskapinga til det norske samfunnet.
Feltet har sidan produksjonsoppstart i 1995 generert inntekter på rundt 1400 milliardar kroner, tilsvarande 175 millionar kroner per dag.
Med ein balansepris på under 10 dollar fatet er Troll fase 3 eit av dei mest lønname og robuste prosjekt i Equinor si historie.

Oppstart i 2021

Godkjenninga av PUD inneber at Equinor og partnerane no kan realisere ytterlegare 2,2 milliardar fat oljeekvivalentar frå feltet med en CO2 -intensitet på 0,1 kilo per fat, seier Torgeir Rød, direktør for prosjektutvikling i Equinor.
– Equinor vil jobbe vidare saman med partnarar og leverandørar og planlegger oppstart av feltet første halvår 2021 seier Rød, i pressemeldinga.
Troll er den største gassprodusenten på norsk sokkel og leverer åleine 7-8 % av Europas totale daglege gassforbruk.

Stor norsk verdiskaping

Utbygginga av Troll fase 3 er også viktig for norsk leverandørindustri. Anslagsvis 70 % av verdiskapinga vil skje i Norge.
Troll-partnare er Equinor (30.58 % - operatør), Petoro (56 %), Norske Shell (8.10 %), Total E&P Norge (3.69 %) og ConocoPhillips Skandinavia (1.62 %)

Publisert: 07.12.2018 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29