Skal skape milliardselskap av silderogn
VEKST: Arctic Nutrition aukar driftsinntektene frå 19 millionar kroner i fjor til 30 millionar kroner i år, og satsar på å ha sine første medisinprodukt i marknaden i 2021. Til høgre medgründer Hogne Hallaråkar, til venstre nyttilsett administrerande direktør Ole Arne Eiksund.
Nytt

Skal skape milliardselskap av silderogn

Arctic Nutrition i Hovdebygda skal ha sine første medisinske produkt i marknaden om tre år. Vil hente 50 millionar kroner frå investorar i år. 

11.04.2018
- Vi har ein ambisjon om at selskapet vårt skal vekse og ha ein verdi på mange milliardar kroner, sa medgründer Hogne Hallaråker då han presenterte selskapet for ein delegasjon av tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet på besøk i Ålesund dag.
I dag produserer Arctic Nutrition helsekostprodukt basert på silderogn. Selskapet har produkt basert på olje frå silderogn ute i marknaden og er i ferd med å lansere også proteinprodukt.

Klar i 2021

I år ligg selskapet an til eit sal på 30 millionar kroner, og inntektene i helsekostmarknaden finansierer drift og utvikling.
Men det er som produsent av medisinske produkt dei store pengane ligg.
Olje frå silderogn har vist seg å ha ein positiv effekt på hudsjukdomen psoriasis. Men før produktet kan lanserast og marknadsførast som eit medsinsk produkt må det medisinske studiar og godkjenningar til.
Arctic Nutrition ventar å ha marknadsføringsgodkjenninga for EU- og EØS-landa klar i 2021.

Testing i Bergen

60 psoriasis-pasientar er med på eit forskingsprosjekt på Haukeland sjukehus i Bergen for å kartlegge effekten av oljeproduktet frå Arctic Nutrition.
Konklusjonen frå den studien er venta å vere klar i sommar.
Deretter må studien gjennomførast på nytt hos andre institusjonar. Slike medisinske forskingsprosjekt kostar, og det er det pengane frå kapitalutvidinga på 50 millionar kroner skal brukast til å betale for.

Mindre andel

Hallaråker vil ikkje kommentere kor stor andel av selskapet investorar som eventuelt går inn med 50 millionar kroner i år vil få, ut over å seie at det blir "betydelig mindre" enn 50 prosent.
Største aksjonær i selskapet er Sparebanken Midt-Norge.

Publisert: 11.04.2018 15:13

Sist oppdatert: 21.05.2021 07:43