Skal sende fisken på skulebenken
FISK KAN LÆRE: Studentane bak Artifish har gjennomført forsøk som indikerer at fisken som blir brukt til å bekjempe lakselus i oppdrettsanlegga kan lærast opp til å bli meir effektiv i jakta på mat. Framme Nicolas Sperre. Bak frå venstre; Sebastian Ness, Simen Sæther, Henrik Emblem-Lund og Adrian Sørmoen. Også Max Ferdinand Kipperberg er med i studentbedrifta. Artifish er kåra til Møre og Romsdals beste studentbedrift og skal delta i NM for studentbedrifter. Dei første forsøka er gjort i anlegget til Atlanterhavsparken (biletet).  Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Skal sende fisken på skulebenken

Utdanning er bra. Også for fisk. Studentar skal lære fisken å bli flinkare til å forsyne seg.

19.04.2019
ANALYSESmå rognkjeks sym mot overflata straks vi stikk hovudet over karkanten. Dei ventar på mat. Reaksjonen er eit resultat av eit eksperiment studentane bak studentbedrifta Artifish ved NTNU Ålesund står bak. Fisken har rett og slett lært at når menneske dukkar opp er det sjans for ein matbit.Eksperiment gav og sterke indikasjonar på at teorien bak Artifish har noko for seg. Fisk kan lære, og den kan tileigne seg nyttige eigenskapar med potensiell stor økonomisk verdi.Erfaringane med bruk av rognkjeks og andre fiskeartar - såkalla leppefisk - i oppdrettsanlegg for laks og aure kunne vore betre. Slike fiskar blir brukt for å beite lakselus frå oppdrettsfisken. Men oppdrettarane skulle gjerne sett at rognkjeks og leppefisk var flinkare til å ta for seg, og også flinkare til å halde seg i live.Begge deler er noko studentane bak Artifish vil rette på, ved å lære fisken kvar maten er å finne i oppdrettsanlegga. I naturen finn rognkjeks maten sin frå fleire ulike kjelder. Å beite på lakselus som har festa seg på vill laks og sjøaure er ikkje daglegdags. Eitt stressmoment for rognkjeks og leppefisk i oppdrettsanlegg er difor jakta på mat, fordi den ikkje veit kvar maten er å finne.Det Artifish har gjort er å gjennomføre eit eksperiment i mindre skala. Eksperimentet vart gjennomført på Atlanterhavsparken i Ålesund, der akvariet bak publikumsanlegga har anlegg for blant anna studentforsøk.I eitt kar blei rognkjeks fôra med pellets, som er vanleg i oppdrettsanlegg for rognkjeks. I eit anna kar blei bitar med fôr festa på ein jigg.I nesten omgang blei jiggen med fôr på sett inn i begge kara. Resultatet var klart. Fisken i karet som hadde fått fôr festa til jiggen heilt frå starten av, var meir enn dobbelt så dyktige til å plukke fôr frå jiggen som fisken som berre hadde fått pellets tømt opp i karet.Fisken kan altså lære, indikerer eksperimentet.Neste steg for Artifish er å få gjennomføre eksperimentet i stor skala, i eit oppdrettsanlegg for rognkjeks.Juryen i fylkesmeisterskapen for studentbedrifter hadde så stor tru på ideen at Artifish både blei kåra til årets studentbedrift i Møre og Romsdal og til studentbedrifta med størst internasjonalt potensiale. I sommar skal Artifish delta i NM for studentbedrifter.Artifish blei kåra til beste studentbedrift i Møre og Romsdal berre eit par veker etter at Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet levert ein førebels rapport til Mattilsynet om effekten av lakselusbehandling med varmt vatn. Konklusjon: Fisken kjenner smerter.Dette er ein konklusjon som kan få store økonomiske konsekvensar. Eit kortvarig bad i vatn med ein temperatur på mellom 28 og 34 grader fjernar lakselusa. Slik behandling har redusert bruken av kjemikaliar vesentleg. Og anlegg for varmtvassbehandling av lakselus har vore ein stor kommersiell suksess, blant anna for fiskeutstyrsleverandøren Optimar.Mattilsynet og næringa skal ha eit møte etter påske for å diskutere rapporten. Utfallet er ikkje gitt, for alternativa ved å ikkje bruke varmtvassbehandling har også ein fiskehelsevelferd- og miljøkonsekvens. Å akseptere meir lakselus betyr større plager for oppdrettsfisk og villfisken. Å auke kjemikaliebruken igjen er heller ikkje bra, mellom anna av omsyn til anna liv i havet. Dessutan har lusa gradvis blitt meir motstandsdyktig mot dei midla som finst.Tida er med andre ord gunstig for den som klarer å effektivisere bruken av rognkjeks og leppefisk.Lærdomen frå lakselusforskinga er uansett at det er bra å bruke fleire metodar mot lakselus, rett og slett for å bremse utviklinga av motstandsdyktig lakselus. Den vesle krepsearten som snyltar på laksen har evna til å utvikle seg til å bli motstandsdyktig mot meir enn kjemikaliar, sa forskar Helene Børretzen Fjørtoft til NETT NO i 2017.Lakselus formeirer seg raskt. Konsekvensen er at dei individa som toler ei behandling best, fort vil formeire seg og bygge bestanden opp att i det mange nok er blitt motstandsdyktige mot nye metodar. Rognkjeks og leppefisk er heller ikkje ein vidundermetode, fordi ein del lakselus har så lite pigment at dei nesten blir fargelause, og dermed vanskelege for rognkjeks og leppefisk å finne på laksen.Men om rognkjeks og leppefisk har fått gått på skulebenken først, aukar i alle fall sjansen for at også fargelause lakselus blir ein del av menyen. Den utdanna fisken veit i alle fall kvar den skal leite etter maten.

Publisert: 19.04.2019 05:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34