Skal samarbeide med Alaska om verdsarv
VERDSARV-SAMARBEID: Samarbeidsavtalen mellom verdsarvområda Clacier Bay i Alaska og Vestnorsk fjordlandskap blei nyleg signert framfor Lumplughbreen i Alaska. Bak frå venstre: Ingrid Dixon, Glacier Bay National Park Service (GLNPS), Scott Gende, GLNPS, Katrin Blomvik, Vestnorsk fjordlandskap (VNF), Erling Oppheim, VNF og Leif Inge Underdal, VNF. Framme frå venstre ved bordet: Superintendent Philip Hooge, GLNPS, og Arne Sandnes, leiar av Verdsarvrådet. 
Nytt

Skal samarbeide med Alaska om verdsarv

Vil styre cruisetrafikken inn i ei meir miljø- og berekraftig retning.

11.09.2019
NPK: Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har signert ein samarbeidsavtale med verdsarvområdet Glacier Bay i Alaska.
– Det er verkeleg ei stor, historisk hending at desse unike verdsarvområda no formelt styrkjer samarbeidet med føremål om å ta vare på og utvikla dei framifrå fjordlandskapa på kloden, seier leiar Arne Sandnes for Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap i ei pressemelding.

Oppmoding frå Unesco

Samarbeidsavtalen mellom dei to verdsarvområda er eit resultat av ein prosess som har gått over mange år.
Den første kontakten kom i stand i 2010 etter eit oppmoding frå verdsarvsenteret til Unesco i Paris.
Sidan har representantar frå Clacier Bay vore på vitjing til det norske verdsarvområdet rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, og ein norsk delegasjon frå Vestnorsk fjordlandskap har vore på gjenvisitt til nasjonalparken og verdsarvområdet Clacier Bay.

Meir berekraftig cruisetrafikk

For den norske delegasjonen var besøket sterkt motiverande for arbeidet til Verdsarvrådet mot norske styresmakter og Sjøfartsdirektoratet for ei betre forvalting av verdsarvfjordane, heiter det.
I tillegg til eit mål om å styra cruisetrafikken i ei meir miljø- og berekraftig retning, er det eit mål for samarbeidsavtalen å styrkja forvaltninga av verdsarvfjordane gjennom utveksling av kunnskap og røynsler knytt til mellom anna formidling, involvering av barn og unge og lokal samfunnsutvikling.
Vestnorsk fjordlandskap blei innskrive på verdsarvlista til Unesco for kultur- og naturstader i 2005.
Verdsarvområdet omfattar områda i og rundt Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Publisert: 11.09.2019 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39