Skal lage maritim stortingsmelding
STORTINGSMELDING: Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og Næringsdepartementet varslar at maritim næring får ei eiga stortingsmelding i 2020.
Nytt

Skal lage maritim stortingsmelding

Stortingsmeldinga skal vere klar hausten neste år.

10.10.2019
NPK: Det skal lagast ei eiga stortingsmelding for dei maritime næringane i Noreg.Mindre oljeavhengigheit, digitalisering og strengare miljøkrav blir nokre av ingrediensane.
Meldinga skal etter planen vere klar hausten 2020.
– Denne meldinga vil ikkje berre legge føringar for politikken eit eller to år fram i tid, men for dei neste ti åra. Vi skal invitere aktørane i den maritime næringa til diskusjonsmøte og til å komme med innspel, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen til
I melding skal regjeringa sjå på rammevilkår, arbeidsforhold, marknadsutsikter og reguleringar for å stake ut ein kurs framover.
Med 85.000 tilsette og ei verdiskaping som analyseselskapet Menon har rekna ut til å vere 142 milliardar årleg er den norske maritime næringa ein av dei største bransjane i Noreg.

Publisert: 10.10.2019 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41