Skal kome tettare paa kundane
TETTARE: Ulstein Group og designselskapet Eggs skal samarbeide om å utvikle sal- og marknadsføringsarbeidet. Det handlar mellom anna om å sjå ting gjennom kunden sine briller, i følgje Tore Ulstein.
Nytt

Skal kome tettare på kundane

Ulstein skal tenkje nytt om korleis skip- og skipsdesign skal seljast.

15.11.2018
- Vi må utvikle oss for å bli meir effektive i samspel med kunden. Skal vi kunne utvikle oss og lukkast vidare med sal så treng vi å kome i enda tettare dialog med dei ulike aktørane i marknad- og salsprosessen, seier Tore Ulstein i Ulstein Group.
Saman med designselskapet Eggs skal dotterselskapet Ulstein Design & Solutions tenkje nytt om korleis Ulstein Group driv marknad- og salsarbeidet i dag, og finne ut kva endringar som eventuelt må til framover.
- Det er fort gjort å dra feil konklusjonar, å tenkje ut frå eigen ståstad i staden for å sette seg godt inn i situasjonen til brukarane. Eller sagt på ein annan måte, sjå det gjennom kunden sine briller, seier Ulstein.

Fiskebåtsamarbeid

Tore Ulstein brukar samarbeidet med fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish som døme, der Ulstein Group sitt design for ein ny trålar blei utvikla i tett samarbeid med kunden.

Cruisebåtmarknaden er eit anna døme.
- Der har vi brukarar som vi i utgangspunktet ikkje kjenner så godt, seier Ulstein.

Ny måte å tenke på

Ulstein har sjølv hatt kundar frå cruisesegmentet som er lite opptatt av arrangementet i tid døems maskinrommet, men som vist desto større interesse for hotelldelen i skipet - der reiarlaget ofte tener pengane.
Truleg må Ulstein Group ta utgangspunkt i at potensielle kundar tek for gitt at Ulstein Group kan bygge effektive skrog og utruste skipet med nok motorkraft. Spørsmålet er kva Ulstein Group elles kan bidra med.
Det kan mellom anna bety eit tettare samarbeid mellom kunden og Ulstein Group.
- Eit mogleg utfall er at vi må tenke nytt omkring grensesnittet mellom oss, kunden og brukarane, seier Tore Ulstein.

Tidlegare samarbeid

Eggs og Ulstein Group kjenner kvarandre frå tidlegare samarbeid.
I 2017 fekk Ulstein Group-selskapet Ulstein Power & Control Design og Arkitektur Norge (DOGA) si utmerking Doga-merket, for sitt programvaresystem for forsyningsskip til offshorenæringa, som var utvikla saman med Eggs.

Publisert: 15.11.2018 08:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28