Skal kartlegge rekefelt for teinefiske
UTVIDAR: Forskarane Snorre Bakke og Wenche Emblem Larssen har jobba med reketeine-prosjektet hos Møreforskning. No vil dei teste teinene langs heile kysten. 
Nytt

Skal kartlegge rekefelt for teinefiske

Møreforsking vil bruke to- tre år for å finne rekefelt for teinefiske langs heile kysten.

11.09.2018
Rundt ti fiskarar frå Finnmark i nord til Rogaland i sør skal teste ut teiner i rekefisket. Vellukka forsøk i Porsangerfjorden har gitt pågang hos fiskevegnprodusenten Frøystad. No vil Møreforsking drive prøvefiske langs heile kysten.

No er Møreforsking i ferd med å skaffe finansiering til eit prosjekt som skal vare i to-tre år og omfatte rundt ti fiskarar, seier forskar Wenche Emblem Larsen i Møreforsking.
Målet er både å finne gode fiskefelt og å vidareutvikle utstyr og metodar.

Gradvis utvikling

Utviklinga av teinefiske etter reker har vore eit Møreforskingprosjekt i fleire år. Målet var å finne ut om teinefiske kunne vere eit lønsamt alternativ og supplement til tråling.
Forskinga starta med å finne ut korleis fisket skulle foregå og teinene sjå ut, samstundes som det vart forska på korleis rekene skulle handsamast frå dei kom opp i båten og fram til restaurantbordet.

Klar for sal

Forskingsprosjektet resulterte mellom anna i at fiskevegnbedriftar Frøystad i Herøy utvikla ei teine som har gitt gode resultat.
- Vi er blitt kontakta av fiskarar langs heile kysten som er nysgjerrige på dette fiskeriet, spesielt båtar som drive med garn eller teiner frå før. Dei ser potensialet til å kunne fiske etter reker i tillegg til kreps, for eksempel, seier Emblem Larssen i Møreforsking.
100 stykker av den nyutvikla teina kan gi opp til 300 kilo reker på eitt drag, skriv Møreforsking i ei pressemelding.

Publisert: 11.09.2018 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26